Slik gjer dei det i Sola
Våren 2024 vedtok Sola kommune å bli ein TryggEst-kommune. Øyvind Sakkestad er TryggEst-koordinator for teamet, og fortel litt om korleis dei jobbar.

Foto: Philip Andre Bergset/Solabladet
- I same periode som det vart vedteke at Sola skulle bli ein TryggEst-kommune, søkte vi om kompetansemidlar. Sola kommune vart ein TryggEst-kommune i februar 2025.
For Sola kommune var det viktig å sikre ei organisering som gjer det mogleg å ha ei felles forståing av kva TryggEst er, og korleis det kan nyttast, innanfor heile levekårs- og helse-/omsorgsområdet.
Korleis jobbar de med å gjere TryggEst kjent?
- Først og fremst gjennom ei brei forankring og eit nettverk som strekker seg frå leiande til utførande nivå. Verksemdsleiarane er ein del av styringsgruppa, som vert orientert 2–4 gongar i året. Fagleiarar og rådgivarar er ein del av teamet. Ulike tilsette i dei ulike verksemdene har fått ei ressurspersonrolle som inneber å sette TryggEst på dagsorden – og å tenke «TryggEst» – i den felles dialogen med kollegaer.
- I 2025 var målet for Sola TryggEst, først og fremst å gjere nettverket trygge i TryggEst. Neste år vil fokuset vere å få implementert rutinar og strukturar som vert synlege i verksemdsplanar og rutinar.
Har de hatt kompetanseheving i teamet? Kva slags?
- Ja. Det viktigaste har nok vore å etablere gruppa med faste møtetidspunkt frå før oppstart, og å starte med øving på case ved hjelp av Casegeneratoren, lage rutinar for mottak av saker, journalsystem og etablering av samarbeid med andre eksterne aktørar.
- Vi har hatt fagleg kompetanseheving gjennom RVTS (Trygg i TryggEst). TryggEst-koordinator har arrangert lokale nettverkssamlingar med øvingar på case og refleksjon, og vi har i tillegg delteke på grunnkurs i traumebevisst forståing og omsorg – også via RVTS.

Foto: Sola kommune
Korleis er TryggEst forankra i kommuneleiinga?
- TryggEst vart forankra i kommunen sitt leiarteam (KLT) før det vart vedteke å søke om kompetansehevande midlar.
- Dei neste månadene vart det politisk forankra i ulike politiske utval. Det er no ein del av styringsstrategien «Sola mot 2040», samt eit konkret tiltak i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar. Verksemdsleiarane innan levekår sit i styringsgruppa.
Har de oppretta TryggEst-telefon? Korleis fungerer den?
- Vi har hatt TryggEst-telefon sidan oppstarten i februar 2025. Opningstidene er klokka 10–14, måndag, onsdag og fredag.
- Samtidig er det tydeleg på vår nettside at vi ønsker at tilsette skal melde uro via nettskjema-løysinga. På denne måten kjem det store fleirtalet av saker via nettskjema inn i websak*, som dukkar opp som eit varsel i e-postboksen til TryggEst-koordinatoren.
- Dei få telefonane som kjem inn, er som oftast anonyme drøftingar. Alt dette har til no fungert som ønska.
Korleis samarbeider de i TryggEst-teamet?
- Vi har faste møtetidspunkt annakvar veke, og arbeider elles i ulike verksemder innan levekår. TryggEst-koordinator delegerer oppgåver til teamet, men har eit overordna ansvar for saksgang og prosess.
*WebSak er ei sak- og arkivsystem for offentleg sektor.