Samarbeid i TryggEst-teamet
Legg til rette for godt samarbeid i TryggEst-teamet.

Det er viktig å vere oppmerksom på at arbeid med valdsutsette kan vere krevande. Derfor er det avgjerande at TryggEst-teamet og medlemmane får muligheit til å ta vare på seg sjølv og kvarandre.
Nokre TryggEst-kommunar har valt at telefonen går på rundgang i teamet for å avlaste kvarandre. Dette kan bidra til å førebygge utskifting i teamet som følge av belastande arbeid. Dersom teamet står i mange krevande saker, bør kommunen vurdere å tilby oppfølging og rettleiing.
Det finst eit e-læringskurs om eigen ivaretaking i arbeidet med TryggEst (TryggEst Modul 12).
RVTS arrangerer kurs innan "Hjelp til hjelparen", med tema som utbrentheit, omsorgstrøttheit og sekundærtraumatisering. Kursa tek for seg korleis ein kan førebygge desse reaksjonane og bygge opp støttande og validerande team.
For meir informasjon, kontakt din regionale RVTS.