Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opprette TryggEst-telefon

TryggEst-teamet skal ha eit dedikert telefonnummer som er godt kjent blant innbyggarane og tenesteapparatet i kommunen.

Ei kvinne som snakkar i mobiltelefon
TryggEst-teamet skal ha TryggEst-telefon.

Det finst fleire måtar å organisere telefonen på. Nokre kommunar vel at teammedlemmane svarar på telefonen i kommunen si opningstid, for eksempel frå klokka 9-15, måndag til fredag. Andre kommunar har inngått avtale med krisesenteret om å bemanne telefonen. Det blir tilrådd å ha så lang opningstid som mogleg, og at telefonen er open for både innbyggjarar og tilsette. Erfaringa med å ha kort opningstid er at svært få tek kontakt. Den som er bekymra for vald har ofte behov for å kontakte nokon så snart som mogleg.

Det er og lettare å gjere telefonen kjend for alle innbyggjarar enn berre tilsette. Dette gjer òg at tilsette oftare tek kontakt.

Kommunen skal sørge for at telefonnummeret til TryggEst er godt synleg på nettsida. Det kan vere nyttig å sjå korleis andre TryggEst-kommunar har gjort dette.

Ei oversikt over TryggEst-kommunar finn du på tryggest.no. 

Sist oppdatert 04.12.2025