Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forankring i kommuneleiinga

Årleg rapportering av TryggEst-arbeidet til kommuneleiinga sikrar kunnskap og involvering.

Ei gruppe menneske som held hender
TryggEst-arbeidet skal vere forankra i kommuneleiinga.

Rapportering til Bufdir og kommuneleiinga

Kvart år skal det rapporterast til Bufdir på korleis tilskotet har blitt brukt. På Teams, i det nasjonale TryggEst-teamet, finst ein eigen kanal med informasjon og rettleiing om rapporteringsprosessen. 

Forankring i kommuneleiinga

TryggEst-arbeidet skal vere forankra i kommuneleiinga. Vi anbefalar difor at de rapporterer årleg til kommuneleiinga om TryggEst-arbeidet. Dette sikrar at dei er opdaterte på status for valdsarbeidet i kommunen og innsatsen til TryggEst-teamet. Vurder også å gje informasjon til kommunale råd for eldre og funksjonshemma.

Rapporten til kommuneleiinga kan inkludere ein kvalitativ del der de skildrar utfordringane de har møtt på i TryggEst-arbeidet og synleggjer ressursbruken det inneber. Dette gir eit meir nyansert bilde av arbeidet, og kan bidra til auka forståing og støtte.

 

Sist oppdatert 31.10.2025