Kompetanseheving og nettverk i TryggEst
Det er laga mange e-læringskurs i TryggEst. Desse kan anbefalast både for medlemmar i TryggEst-team og for tilsette i kommunale tenester.

Kurs og faglitteratur
Oversikt over kursa finn du på TryggEst si nettside.
TryggEst-kursa gir opplæring i korleis ein kan førebygge, avdekke og handtere vald og overgrep mot risikoutsette vaksne.
Det er også utarbeidd faglitteratur om TryggEst: Vald, overgrep og omsorgssvikt mot risikoutsette vaksne. Boka kan bestillast frå Universitetsforlaget.
RITE - verktøy for risikovurdering
Alle TryggEst-teammedlemmar bør ha gjennomført kurs i risikoverktøyet RITE, som blir nytta i TryggEst. RITE blir brukt til å vurdere risikoen for at valdsofferet kan bli utsett for ny vald.
Det digitale kurset dannar grunnlaget for eit fysisk heildagskurs, som gir ei grundig innføring i metoden og høve til å øve på bruken av verktøyet.
For fysiske heildagskurs, kontakt den regionale RVTS.
Casegenerator - eit fleksibelt treningsverktøy
På personalmøte eller i andre kortare samanhengar kan Casegenerator.no vere eit nyttig kompetansehevingsverktøy i arbeidet mot vald. Det styrkar tverrfagleg samhandling og gir handlingkompetanse for å finne rett tiltak til rett tid.
Verkøtyet kan også brukast på mobil og nyttar kunstig intelligens til å generere døme på valdssaker basert på livssituasjon, valdstype og barrierar. Ved å øve på case og bruke refleksjonsspørsmåla, kan ein styrke handlingskompetansen ytterlegare.

Kurs og nettverk
Alle RVTSane i Noreg arbeider med tema knytt til vald og overgrep, og tilbyr relevante digitale og fysiske kurs. Vi anbefaler å sjekke sidene til din regionale RVTS for slike kurs.
RVTSane har regionale TryggEst-nettverk, der kommunar kan møtast på tvers, utveksle informasjon og eventuelt etablere samarbeid.
Ta kontakt med dykkar RVTS for å bli med i det regionale nettverket.
Det nasjonale digitale TryggEst-teamet
Det nasjonale digitale TryggEst-teamet tilbyr verdifulle ressursar både i planlegginga av oppstart og i drifta av TryggEst. Det blir arrangert faste faglege samlingar på Teams kvar første fredag i månaden.
Send e-postadressene til personane de ønskjer skal inviterast til teamet til tryggest@bufdir.no.
TryggEst-konferansar
Kvart år blir det arrangert gratis nasjonale eller regionale TryggEst-konferansar. Kommunar vil få informasjon om desse konferansane frå Bufdir og RVTS.