Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gjer TryggEst kjent

For at TryggEst skal fungere, må både tilsette og innbyggarar kjenne til TryggEst. Dei må vite kva dei kan kontakte TryggEst om, og korleis dei kan gjere det.

Person som held eit kort som viser tryggest-ikon
Sørg for å gjere TryggEst kjent i kommunen.

Kommunikasjon og synleggjering

Dersom kommunen har ei kommunikasjonsavdeling eller ein ansvarleg for kommunikasjon, samarbeid gjerne med dei for å sikre god formidling av TryggEst.

Tilgjengeleg materiell

I det nasjonale digitale TryggEst-teamet på Teams, finn de malar for plakatar som kan tilpassast kommunen, samt ei kommunikasjonspakke med råd og tips om korleis de kan kontakte lokale medium.

Der finn de også bilete og illustrasjonar som TryggEst-kommunane har rettar til å bruke i presentasjonar, plakatar og anna informasjonsmateriell.

Alle TryggEst-kommunar kan bestille trykk- og webfiler av brosjyren Du har rett til å vere trygg. Brosjyren finst på fleire språk og kan tilpassast med lokal kontaktinformasjon på baksida, for eksempel:

TryggEst i [kommunenamn] med tilhøyrande telefonnummer.

Bestill på e-post: tryggest@bufdir.no.

Tekst
Bilete av brosyren "Du har rett til å vere trygg"

Deling og synleggjering av ressursar 

For å inspirere andre kommunar, oppmodar vi til å legge inn materiell som kommunen utviklar i det nasjonale TryggEst-teamet på Teams, slik at det kan bli til nytte for fleire.

Det er viktig å formidle informasjon om TryggEst der innbyggarane ferdast, som legekontor, bibliotek og offentlege tenestestader som NAV-kontor. Samtidig er det essensielt å informere beslutningstakarar og tenesteytarar - materiellet kan gjerne plasserast synleg på pauserom og tilsvarande møteplassar.

Bruk av filmar i informasjonsarbeid

TryggEst har fleire informasjonsfilmar som kan nyttast i fagsamlingar, personalgrupper og møte. Alle filmane er tilgjengelege på TryggEst.no. Nokre filmar kan også brukast til kinoreklame. Dersom dette er aktuelt i din kommune, ta kontakt med Bufdir for meir informasjon.

Du finn filmane på TryggEst.no eller på Youtube.

Filmane eignar seg godt til informasjonsmøte, kommunemøte og personalmøte.

 

Sist oppdatert 31.10.2025