Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Fagkonferanse om sjølvmord: «I møte med andre si livskrise – kven er vi og kva gjer vi?»

Auka kunnskap og refleksjon omkring våre haldningar og handlingar knytt til sjølvmordsåtferd er nødvendig for å redusere dei høge sjølvmordstala i Noreg.  

Passert
12.
čakčamánnu
2025
  1. 12. čakč 2025, 08:20 - 16:15

Tid og stad

Når
  1. 12. čakč 2025, 08:20 - 16:15
Arrangør
LEVE Sogn og Fjordane, i samarbeid med LEVE Hordaland, Unge LEVE og RVTS Vest.
Kvar

Hotel Alexandra

Lodalsvegen 22

6789 Loen

Påmelding

Frist for påmelding: 10. čakč 2025

To kvinner som klemmer hverandre.
Kven er vi i møte med andre si livskrise?

Fagdagen vil  utvide din måte å forstå og møte denne komplekse samfunnsutfordringa på.

Konferansen har samla kjende og dyktige foredragshaldarar innan sine område for å gje eit innsyn i sjølvmordsutfordringa frå ulike perspektiv.

Du får kunnskap om kva som kjenneteiknar det gode møte mellom fagperson og pasient, korleis møte sjølvmordsåtferd frå andre kulturar, eit gripande innsyn i tida før og etter sjølvmordsforsøket samt korleis det er å leve vidare utan ein av sine næraste.

Alle foredraga har høg kvalitet som vil gje deg ei utvida forståing av sjølvmordsutfordringa.  

Påmelding
Påmeldingsfrist: 5. september

 
LEVE Sogn og Fjordane, i samarbeid med LEVE HordalandUnge LEVE og RVTS Vest, inviterer til konferansar med fokus på sjølvmordsførebygging og oppfølging av etterlatne.
 

Målgruppe

Tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta/private legar ol, alle andre faggrupper som kan møte sjølvmordsåtferd (tilsette i oppvekstsektoren, blålys-tilsette, begravelsesbyrå med fleire).

Godkjenning

Godkjent av Norsk psykologforening som vedlikehaldskurs for spesialistar med 7 timar. Kurset er godkjent for to år, i perioden 22.06.2025 - 21.06.2027.Kurset godkjennes med 7 timer. Det forutsettes at deltakere får deltakerbevis.

Godkjent av Fellesorganisasjonene (FO) som 7 timar vedlikehaldsaktivitet, for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar, opp mot godkjenning som klinisk spesialist og ved fornying av godkjenning som klinisk spesialist.

Den norske legeforening:

Gammel ordning:

  • Allmennmedisin: godkjent med 7 valfrie poeng for legar i spesialisering og spesialistane si etterutdanning (forlengelse av retten til tilleggstakst).
  • Samfunnsmedisin: godkjent med 7 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og for spesialistane si etterutdanning.

Noverande ordning:

  • Kurset bidrar til å dekke følgande læringsmål: FKM-LM-003, 005, 008, 010, 012, ALM051, 064, 066, 067, SAM-009, 014, 022 og 029.

Norsk Sykepleierforbund:

Kurset er godkjent av NSF som meritterende med totalt 7 timer.

Dette kan brukes i henhold til kurstimekravet i NSFs godkjenningsordningen klinisk spesialist i sykepleie/ spesialsykepleie.

Program

 

Program  

 

08:20 - Registrering

09:00 – Velkomen, Nils-Petter Hauge, leiar i LEVE Sogn og Fjordane

09:05 - Kulturelt innslag, Line Dybedal

09:15 – Innleiing ved Jon B Nesje – kommunedirektør i Stryn kommune

09:20 - Møtested: “Inn i krisen”, Bergljot Gjelsvik

10:20 - Pause

10:40 - Møtested: “Inn i krisen” forts.    

12:00 - Lunsj

13:00 - “Selvmord og Flyktninger - en kultursensitiv tilnærming”, Chiku Ali

14:00 - Pause

14:20 - “Før og etter: kunne noe ha hindret selvmordsforsøket?”, Oddvar Vignes

15:10 - Kort pause

15:20 - “Hva slags liv er det etter selvmords-døden for en etterlatt pappa? Om sorg, savn og aksept”, Kjetil Siem

16:15 - Avslutning

 

19:00   Velkomstsamling   

19:30   Middag          

 

Forelesarar

Kontakt