Pressemelding
Ny pris skal løfte fram ansvarleg formidling om sjølvmord
LEVE og RVTS etablerer ein ny nasjonal pris for journalistikk, kunst og medieproduksjonar som formidlar sjølvmord og livskriser på ein ansvarleg og kunnskapsbasert måte.

Foto: Caleb Oquendo / Pexels
Prisen har fått namnet Papagenoprisen, og skal gå til arbeid som behandlar tema på ein kunnskapsbasert, nyansert og ansvarleg måte.
Papagenoprisen er inspirert av den såkalla Papageno-effekten, eit begrep utvikla av professor Thomas Niederkrotenthaler ved Medical University of Vienna. Forskingsarbeidet hans viser at måten historier blir fortalde på i media kan ha betydning for menneske som står i vanskelege livssituasjonar.
– Når media formidlar historier om menneske som har handtert sjølvmordstankar, lever med dei i kvardagen, eller har handtert tap etter sjølvmord – så kan dette ha positive verknader. Det kan redusere sjølvmordstankar hos andre som er sårbare, og gi håp, seier professor Niederkrotenthaler til RVTS.
– Prisen skal anerkjenne arbeid som bidreg til kunnskap, refleksjon og ein meir opplyst offentleg samtale om sjølvmord og livskriser. Det seier Julie Andreassen. Ho er rådgivar ved RVTS.
Nina Danielsen er fagansvarleg for førebygging av sjølvmord i LEVE. Ho meiner prisen òg kan bidra til meir respekt for menneske i sårbare livssituasjonar.
Finst i fleire land
Papagenoprisen er tidlegare etablert i fleire europeiske land, mellom anna i Danmark.
I 2025 gjekk den danske prisen til journalistane Maria Lorentsen og Mette Willumsen for podkastserien «Marias arv» på DR Lyd. Serien belyser det å vere etterlaten etter sjølvmord. Sjå alle tidlegare vinnarar av Papagenoprisen i Danmark.
Den norske Papagenoprisen blir delt ut 7. september på Sentralen i Oslo. Vinnaren blir kåra av ein fagjury med kompetanse innan journalistikk, formidling og førebygging av sjølvmord. Alle kan nominere kandidatar til prisen via nettsidene til RVTS eller LEVE.
Pressebilete
Kontaktpersonar:
