Fagkonferanse om sjølvmord: «I møte med andre si livskrise – kven er vi og kva gjer vi?»
Auka kunnskap og refleksjon omkring våre haldningar og handlingar knytt til sjølvmordsåtferd er nødvendig for å redusere dei høge sjølvmordstala i Noreg.
- 12. sep. 2025, 08:20 - 16:15
Tid og stad
- Når
-
- 12. sep. 2025, 08:20 - 16:15
- Arrangør
- LEVE Sogn og Fjordane, i samarbeid med LEVE Hordaland, Unge LEVE og RVTS Vest.
- Kvar
-
Hotel Alexandra
Lodalsvegen 22
6789 Loen
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 10. sep. 2025
Fagdagen vil utvide din måte å forstå og møte denne komplekse samfunnsutfordringa på.
Konferansen har samla kjende og dyktige foredragshaldarar innan sine område for å gje eit innsyn i sjølvmordsutfordringa frå ulike perspektiv.
Du får kunnskap om kva som kjenneteiknar det gode møte mellom fagperson og pasient, korleis møte sjølvmordsåtferd frå andre kulturar, eit gripande innsyn i tida før og etter sjølvmordsforsøket samt korleis det er å leve vidare utan ein av sine næraste.
Alle foredraga har høg kvalitet som vil gje deg ei utvida forståing av sjølvmordsutfordringa.
Påmelding
Påmeldingsfrist: 5. september
Målgruppe
Tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta/private legar ol, alle andre faggrupper som kan møte sjølvmordsåtferd (tilsette i oppvekstsektoren, blålys-tilsette, begravelsesbyrå med fleire).
Godkjenning
Godkjent av Norsk psykologforening som vedlikehaldskurs for spesialistar med 7 timar. Kurset er godkjent for to år, i perioden 22.06.2025 - 21.06.2027.Kurset godkjennes med 7 timer. Det forutsettes at deltakere får deltakerbevis.
Godkjent av Fellesorganisasjonene (FO) som 7 timar vedlikehaldsaktivitet, for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar, opp mot godkjenning som klinisk spesialist og ved fornying av godkjenning som klinisk spesialist.
Den norske legeforening:
Gammel ordning:
- Allmennmedisin: godkjent med 7 valfrie poeng for legar i spesialisering og spesialistane si etterutdanning (forlengelse av retten til tilleggstakst).
- Samfunnsmedisin: godkjent med 7 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og for spesialistane si etterutdanning.
Noverande ordning:
- Kurset bidrar til å dekke følgande læringsmål: FKM-LM-003, 005, 008, 010, 012, ALM051, 064, 066, 067, SAM-009, 014, 022 og 029.
Norsk Sykepleierforbund:
Kurset er godkjent av NSF som meritterende med totalt 7 timer.
Dette kan brukes i henhold til kurstimekravet i NSFs godkjenningsordningen klinisk spesialist i sykepleie/ spesialsykepleie.
Program
Program
08:20 - Registrering
09:00 – Velkomen, Nils-Petter Hauge, leiar i LEVE Sogn og Fjordane
09:05 - Kulturelt innslag, Line Dybedal
09:15 – Innleiing ved Jon B Nesje – kommunedirektør i Stryn kommune
09:20 - Møtested: “Inn i krisen”, Bergljot Gjelsvik
10:20 - Pause
10:40 - Møtested: “Inn i krisen” forts.
12:00 - Lunsj
13:00 - “Selvmord og Flyktninger - en kultursensitiv tilnærming”, Chiku Ali
14:00 - Pause
14:20 - “Før og etter: kunne noe ha hindret selvmordsforsøket?”, Oddvar Vignes
15:10 - Kort pause
15:20 - “Hva slags liv er det etter selvmords-døden for en etterlatt pappa? Om sorg, savn og aksept”, Kjetil Siem
16:15 - Avslutning
19:00 Velkomstsamling
19:30 Middag
Forelesarar
-
Oddvar Vignes
Oddvar Vignes er forfattar og utdanna agronom med ein EMBA frå Universitetet i Stavanger. Han har overtatt heimgarden på Finnøy utanfor Stavanger, er ekstremt godt gift med to born på 1 og 3 år. Til dagleg jobbar han som rådgjevar i Rogaland Bondelag, driv og gard med sau og har eit selskap som driv med underhalding og foredrag. Innlegget til Oddvar baserer seg på livet før og etter sjølvmordsforsøket hans i 2009. Innhaldet er alvorleg men vert formidla med livsglede og humor.
Foto: Jan Inge Haga
-
Kjetil Siem
Kjetil Siem var far til fire. Men i januar for to år sidan tok den 29 år gamle Marin – på sin eigen bursdag – livet sitt etter mange år med psykiske lidingar og bipolar diagnose. Trass eit rikt liv som velfungerande og flink sjukepleiar samt eit stort og rikt nettverk og vennekrets, var og blei det for mørkt til slutt. Korleis er det for ein far å få beskjed om at "dette kjem ikkje til å gå pappa" og sidan sjå sysken miste ei søster og leve vidare med eit sakn og tomrom ingen utanfor kan forstå.
-
Bergljot Gjelsvik
Bergljot Gjelsvik er psykolog og forskar ved Psykologisk institutt, UiO, og Universitetet i Oxford. Ho jobbar òg som psykolog på Diakonhjemmet sykehus, og underviser ved profesjonsstudiet i psykologi ved UiO. Ho forskar på kva som gjer at livet for nokon ikkje er til å bere, og korleis vi kan forstå overgangen frå suicidale tankar til handling. I 2023 gav ho ut boka Inn i krisen om møter med menneske i suicidale kriser. Mange menneske som står i suicidale kriser føler seg ikkje møtt i helsevesenet. Forsking viser at helsepersonell ofte opplever tematikken som svært utfordrande. I dette foredraget utfordrar Gjelsvik den tradisjonelle risikotilnærminga til suicidale kriser, og viser korleis det å gå nærare inn i stormens midte kan gi andre perspektiv og kunnskap.
-
Chiku Ali
Chiku Ali er spesialkonsulent ved RVTS Vest, der ho har særleg fokus på kompetanseheving for hjelpeapparatet når det gjeld delen av befolkninga som ikkje er etnisk norske. Chiku er utdanna VIVAT-instruktør, og er elles oppteken av kultursensitivitet i møte med sjølvmord hos menneske med etnisk minoritetsbakgrunn.
-
Nils-Petter Hauge
Frå 1997 jobba han ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og –forebygging i Oslo innan psykisk helse i arbeidslivet. Deretter var han over 15 år i Forsvaret som fagansvarleg innan fleire HMS-relaterte tema. I 2020 starta han som HR-sjef i Stryn kommune, ei stilling han hadde fram til han byrja i RVTS Vest. Han har samarbeidd med dr. philos Kari Dyregrov, noko som resulterte i danninga av LEVE. Han har vore med i LEVE sentralt og i LEVE Sogn og Fjordane sidan oppstarten i 2000. Han har også vore medlem i kriseteamet og hatt mange oppfølgingssamtalar med etterlatne og unge. Han har undervist på høgskular, vidaregåande skular og for kriseteam innan sjølvmordsrelaterte tema.