Papagenoprisen – formidling som gir håp når det trengst mest
Kva om du las ei sak, høyrde ein podkast eller såg eit teaterstykke som gjorde ein forskjell for deg eller for nokon du er glad i?

Kanskje den historia fortener å bli løfta fram?
Papagenoprisen vert delt ut av RVTS i samarbeid med LEVE. Det er første gongen dette skjer i Noreg. Det er ein nasjonal medie- og formidlingspris som skal løfte fram ansvarleg og etisk formidling om sjølvmord og livskriser.
- No kan nettopp du vere med å nominere, seier Julie Andreassen. Ho er rådgjevar ved RVTS og koordinerer arbeidsgruppa som jobbar med etableringa av Papagenoprisen i Noreg.

Foto: Sylvia Haukanes
Kvifor håp betyr noko
- Måten livskriser og sjølvmord blir omtala på, påverkar korleis vi forstår dei – og korleis vi snakkar om dei med kvarandre, seier Nina Danielsen. Nina er fagansvarleg for sjølvmordsførebygging i LEVE.
Ho fortel at ei historie kan:
- få nokon til å kjenne seg mindre åleine
- vise at kriser kan vere forbigåande
- løfte fram støtte, fellesskap og nye moglegheiter
- styrke motet til å be om hjelp
- skape tryggare samtalar i familien, på jobb og i vennegjengen

Foto: Ellen Anker Storset
- Papagenoprisen går til fortellingar som møter menneske i sårbare situasjonar med respekt og verdigheit, og som vågar å romme både mørke og lys, seier Nina.
- Det er ikkje ein pris for glansbilete, seier Julie. - Det er ein pris for fortellingar som gir håp utan å forenkle.

Når vi løfter fram dei gode, ansvarlege historiane, er vi også med på å forme korleis vi som samfunn snakkar om sjølvmord og livskriser.
Kven kan du nominere?
Papagenoprisen kan gå til:
- journalistiske artiklar og reportasjar
- podkastar og dokumentarar
- film, scenekunst, litteratur eller andre kunst- og kulturuttrykk
- Fellesnemnaren er at arbeidet bidreg til håp, meistring og eit større handlingsrom for menneske i krise, seier Julie.
Prisen skal delast ut for første gong i september 2026, i samband med Verdensdagen for sjølvmordsførebygging. Deretter blir det opna for nominasjon til Papagenoprisen 2027.
- Kven som helst kan nominere. Dette gjer du via RVTS eller LEVE sine nettsider.
Bakgrunnen for prisen
Julie fortel at prisen tek utgangspunkt i Papageno-effekten, eit begrep utvikla av Thomas Niederkrotenthaler. Han er ein av dei fremste internasjonale ekspertane på førebygging av sjølvmord.
- Thomas Niederkrotenthaler si forsking viser at ansvarleg og håpefull formidling kan utvide perspektiv og opne for nye tankar når livet opplevast vanskeleg, fortel Julie.
Har du lese, sett eller høyrt noko som gav håp?
Julie og Nina oppfordrar deg til å vere med og gi den fortellinga den anerkjenninga ho fortener.
- Når vi løfter fram dei gode, ansvarlege historiane, er vi også med på å forme korleis vi som samfunn snakkar om sjølvmord og livskriser – med meir openheit, meir respekt og meir håp, avsluttar dei.
Papagenoprisen
Fleire europeiske land har etablert Papagenoprisen, blant anna Danmark. Sjå tidlegare vinnarar.
Verdensdagen for sjølvmordsførebygging er den 10. September. Den norske Papagenoprisen skal delast ut for første gong den 7. september 2026 på Sentralen i Oslo.