Arbeidsgruppene må bruke litt tid på å komme fram til felles plattform og mål for arbeidet med handlingsplanen.
Eit utgangspunkt for å belyse behov for satsing kan vere å sjå på demografien i eigen kommune.
Andre innfallsvinklar kan vere erfaringar frå tenesteapparatet, meldte behov frå innbyggarar og frå interesseorganisasjonar eller enkeltpersonar med erfaring frå temaområdet.
Føringar i nasjonale handlingsplanar må sjåast i samanheng med lokale behov og brukast som utgangspunkt for drøftingar i arbeidsgruppene.
Handlingsplanen må vere brukarvennleg og realistisk. Den må innehalde konkrete tiltak og ei oversikt over kven som har ansvar for å følgje opp dei ulike tiltaka innanfor ein tidsramme. Den bør også peike på kva ein kan gjere i ein akuttfase – til dømes ved sjølvmordsfare, oppfølging av etterlatte og korleis ein kan førebygge «smitteeffekt». Planen må også innehalde eit langsiktig førebyggingsperspektiv.
Forslag til kva som bør undersøkast før planlegging av tiltak:
- Kva veit vi om vår eigen kommune når det gjeld omfang av sjølvmord, sjølvmordsforsøk og sjølvskading? (omfang, kjønn og alder)*
- Utforme faktadel om sjølvmord og sjølvskading
- Kva ressursar har vi i kommunen? Kva kan vi bygge vidare på?
- Kva finst i kommunen av førebyggande tiltak mot sjølvmord?
- Kva finst av tilbod/oppfølging for etterlatte?
- Kva eksisterande tiltak må forsterkast?
- Har lokalbefolkninga og interesseorganisasjonar meldt inn behov?
- Korleis er kompetansenivå og erfaringar blant aktuelle faggrupper i kommunen?
- Veit innbyggarane kvar dei kan få hjelp, og er informasjonen lett tilgjengeleg?
* Sjå folkehelseprofilar på Helsedirektoratet si nettside
Korleis jobbe vidare:
- På bakgrunn av undersøkinga blir nye tiltak utarbeidd etter kva kommunen har behov for.
- Når tiltaka skal utarbeidast, tilrår vi å etablere ei arbeidsgruppe. Arbeidsgruppa bør bestå av personar frå ulike etatar/avdelingar som kan bli berørte av tiltaka.
- I tillegg bør aktuelle samarbeidspartnarar inviterast inn: fylkeskommunen (vidaregåande skular), statsforvaltaren, spesialisthelsetenesta, brukarorganisasjonar/erfaringskonsulentar og relevante regionale kompetansesenter.
- Tiltaka må vere konkrete og vise kva etat/avdeling/person som har ansvar for dei ulike tiltaka innanfor ein tidsramme.
Tiltaka vil vere grunnlag for seinare evaluering.
Vi tilrår å samordne kommunal plan med det som står i rettleiingar og nasjonal handlingsplan for førebygging av sjølvmord.
Det rettleiande materialet til kommunane om førebygging av sjølvskading og sjølvmord vil vere eit nyttig hjelpemiddel i dette arbeidet. Her kan ein lese om både innhald og organisering.
Forslag til aktuelle arenaer for tiltak:
- Skulehelseteneste
- Helsestasjon
- Barnehagar
- Barne- og ungdomsskular
- Vidaregåande skular
- Private skular
- Universitet og høgskular
- Kulturtilbod
- Helsetenester
- Flyktninghelsetenester
- Eldreomsorg
- Brukarorganisasjonar
- Frivillige organisasjonar
- NAV stat/kommune med fleire
Korleis gjere tiltaka kjende:
Kommunens ulike etatar/avdelingar må bli kjende med dei foreslåtte tiltaka som gjeld deira område. Avdeling/etat får desse på høyring og gir tilbakemelding til arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa samarbeider med den aktuelle avdelinga/etaten for å tilpasse tiltaka. Handlingsplanen blir deretter sendt til godkjenning, politisk eller administrativt.
