Når planen er vedteken i kommunestyret eller bystyret, er tida komen for gjennomføring.
Ei ressursgruppe består av instansar som har delteke i utarbeidinga av handlingsplanen. Gruppa knyter til seg aktuelle fagmiljø og organisasjonar som vil bidra i gjennomføringa. Dei skal gjennom oppfølgingsmøte sikre, koordinere og evaluere gjennomføringa av planen.
Ein bør sikre at leiarar for fagområde som er inkluderte i planen førebur organisasjonen/avdelinga si på gjennomføring. Dette blir gjort ved å ta det inn i kompetanseplanar og budsjettprosessar.
Tiltaka i handlingsplanen må kvart år sikrast ved at kommunen set av øyremerkte midlar.
Enkelte større tiltak i planen kan krevje eiga arbeidsgruppe for gjennomføring. Det kan til dømes vere å lage informasjonsmateriell, rulle ut kompetansehevingsprogram eller tiltak for oppfølging av etterlatte.
Det er viktig at det kjem fram i planen kven som har ansvar for kvart enkelt tiltak, tidsrom for gjennomføring, og korleis det skal rapporterast til politiske organ.