Ein liten gut som klemmer mora si

Å komme i gang

Når ein skal lage handlingsplanar, er det nyttig å sjå eksempel på kva andre har gjort før. Tiltaka i planane vil variere etter kommunestorleik. 

Eksempel på handlingsplanar for førebygging av sjølvmord etter kommunestorleik:

Bergen kommune er eit døme på ein stor kommune, med sine 270 000 innbyggarar. Sjå Bergen kommune sin handlingsplan

Askvoll er eit døme på ein liten kommune, med sine 3 000 innbyggarar. Sjå Askvoll kommune sin handlingsplan.

Kort oversikt over stega ved utarbeiding av handlingsplanen:

  • Vi tilrår at første steg er å forankre planen på politisk nivå.
  • Kommunestyret/bystyret må godkjenne at det skal lagast ein plan med konkrete tiltak og eit tydeleg mandat, og peike ut ein prosjektleiar.
  • Prosjektleiar opprettar ei arbeidsgruppe med ulike fagmiljø i kommunen, og samarbeider med aktuelle aktørar.
  • Neste steg er at prosjektgruppa arrangerer eit innspelseminar for alle aktuelle aktørar.
  • Deretter arbeider arbeidsgruppa vidare med innspel, eigne forslag og utarbeider konkrete tiltak som skal inn i handlingsplanen.
  • Neste steg er at forslaget til handlingsplan med konkrete tiltak blir vedteke i kommunestyret/bystyret.
  • Deretter har prosjektleiar ansvar for å etablere ei ressursgruppe som gjennomfører dei konkrete tiltaka til rett tid.
  • Kommunestyret/bystyret skal sjå til at tiltaka blir gjennomførte til rett tid, i tråd med handlingsplanen.

Innbyggjarinitiativ:

Frivillige/ideelle organisasjonar, stiftingar eller privatpersonar kan ta initiativ. Det vil seie at ein samlar minst 300 underskrifter frå innbyggarar i kommunen. Dette forpliktar bystyret/kommunestyret til å behandle initiativet innan 6 månader.

Etter vedtaket

Vedtak

Når kommunen har vedteke å lage ein handlingsplan mot sjølvmord med konkrete tiltak, er det første viktige steget nådd. Vedtaket må innehalde eit mandat, kva avdeling som har ansvar for å starte innspelseminar og vidare ansvar for å foreslå instansar som bør inviterast inn i ulike arbeidsgrupper. Det kan i tillegg innehalde tidsplan, budsjett og rammer for bruk av arbeidstid for dei som deltek i arbeidsprosessen.

Velge prosjektleiar

Neste steg er å velje ein prosjektleiar frå kommunen som har ansvar for gjennomføring av planarbeidet. Det er avgjerande for prosjektet å velje ein eigna prosjektleiar. Med eigna meinast at personen har gode samarbeidsevner, gjennomslagskraft, har ei sentral rolle i kommunen, får sett av nok tid til arbeidet, har oversikt over heile planarbeidet – og ser til at kvart tiltak blir gjennomført til rett tid.

Organisering av arbeidet

Prosjektleiar må ta stilling til korleis arbeidet skal organiserast. Korleis skal medverknad frå kompetansemiljø eller brukar- og pårørandeorganisasjonar vere? Kva kommunale etatar/avdelingar skal delta i planarbeidet? Spesialisthelsetenesta kan bli ein viktig samarbeidspartnar – kan dei bidra? Skal det tiltak inn mot vidaregåande skular? Då er Opplæringsavdelinga hos fylkeskommunen ein aktuell samarbeidspartnar. Det kan vere lurt å involvere alle instansar som vil få oppgåver i gjennomføringa av planen. Då kan ein sikre betre forankring av tiltaka og eigarskap til sjølve planen.

Opprette arbeidsgruppe

Prosjektleiar opprettar ei arbeidsgruppe som består av ulike kommunale tenester som kan bli omfatta av planen, saman med kompetansemiljø (til dømes RVTS), helseføretak, brukar- og pårørandeorganisasjonar (til dømes LEVE), fylkeskommunen og andre relevante aktørar.

Arrangere innspelseminar

For å få god forankring tilrår vi at arbeidsgruppa startar med eit innspelseminar. Her blir offentlege og private aktørar inviterte. Relevante aktørar i tillegg til kommunens eigne etatar kan vere universitet og høgskular, regionale kompetansesenter, fylkeskommunen og frivillige organisasjonar, med fleire. Det er lurt å starte med eit innleiande foredrag med fokus på tematikken. Her kan prosjektleiar også presentere kva kommunen allereie har av førebyggande tiltak mot sjølvmord, og kva kommunen ønskjer med planen. Deretter blir deltakarane delte inn i innspelsgrupper, der kvar gruppe har ein førehandsbestemt gruppeleiar og gruppemedlemmer. Gruppene kjem med forslag til tiltak kommunen treng for å få eit tryggare samfunn. Innspela blir samla inn og arbeidd vidare med i arbeidsgruppa.

Sist oppdatert 29.01.2026