Undervisning og formidling på nett

Involver brukarar til å rådgi når nye kurs, utdanningar og seminar skal utviklast. Det bidreg til å auke deltakarane si forståing for temaet det blir undervist om.

Kva må du tenke på ved involvering i undervisning:

  • Kva er føremålet med å involvere brukar/pårørande i undervisninga?
  • Skal brukaren bidra i sjølve undervisninga, eller i planlegginga? Eller begge?
  • Ha dialog med brukaren undervegs. Det er lettare å meine noko dersom ein har vore med frå start til slutt.
  • Vurder om brukarpanelet/erfaringsforumet/erfaringskonsulenten ved din arbeidsplass kan bidra, eller om du skal ta kontakt med ei brukarorganisasjon.
  • Honorering – spør leiinga kva som er vanleg prosedyre ved ditt kompetansesenter.
  • Dersom brukaren ønskjer å bidra med si historie – har hen eit avklart forhold til si historie?
Ein person som står foran eit publikum

Dersom brukaren ønsker å bidra med si historie – er hen klar for dette?

Kva må du tenke på ved involvering i formidling på nettsider:

  • Korleis formidle på nett om sensitiv og tabubelagt tematikk? Kva språk brukar vi? Det er nyttig å få innspel frå ein brukar.
  • Vurder om brukarpanelet/erfaringsforumet/erfaringskonsulenten ved din arbeidsplass kan bidra, eller om du skal ta kontakt med ei brukarorganisasjon.
  • Honorering – spør leiinga kva som er vanleg prosedyre ved ditt kompetansesenter.
  • Dersom brukaren ønskjer å bidra med si historie, undersøk om hen har eit avklart forhold til si historie, og er klar for å dele denne. Dersom brukaren er del av ei brukarorganisasjon, er dette ein trygg veg å gå for å finne dette ut.
  • Fortel kvar saka skal publiserast. Nettside? Sosiale media? Begge?

Tips til lesing:

Medvirkning er mer enn hjertesmerte (Korus.no) (Bokmål)

Angrar på at ho har delt si historie frå scena (Erfaringskompetanse.no) (Bokmål)

Om å dele eigne erfaringar med psykiske helseproblem (napha.no) (Bokmål).

Bli inspirert!

I denne filmen forklarar Gunn Karin Anker Thomassen og Therese Skauge Klokset korleis brukarinvolvering har blitt nytta i prosjektet Trygge samtalar. Dette er eit prosjekt utvikla av RVTS i samarbeid med nokre chat- og hjelpetelefonorganisasjonar.

Sist oppdatert 17.11.2025