Nyttige råd:
Sørg for at bli-involvert.no får jamleg plass på personalmøter/sentermøter
Informer om at ressursen finst og sørg for at den blir brukt.
Utarbeid rutine for brukar- og pårørandeinvolvering
Det å utarbeide ein konkret rutine er ein føresetnad for å sikre at brukar- og pårørandeinvolvering blir utført i praksis.
Ansett medarbeidarar med erfaringskompetanse
Ved ansetjing på sentra, sjå gjerne etter dei med brukarerfaring. Det er viktig å vere tydeleg på rolle, forventningar og oppgåver stillinga vil inneha. Lag kravspesifikasjon på kompetanse, oppgåver, rolle, kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Sjå gjerne også etter dei med dobbeltkompetanse, det vil seie både fagutdanning og brukarerfaring.
- Nasjonalt senter for erfaringskompetanse sin handbok for brukaransettelse (Bokmål) - PDF.
- Lesestoff om erfaringskonsulentar på erfaringssentrum.no (Bokmål).
Sørg for brukar- og pårørandedeltaking i utval, brukarråd og utviklingsarbeid
Brukarar og pårørande skal involverast i senteret sitt arbeid, og bør delta i aktuelle utval og samarbeid som fremjar utvikling for sentra. Det er opp til kvart senter å avgjere kva som er hensiktsmessig og deltakinga bør vere grunngitt i eit føremål.
Bring brukarrepresentantar inn i gjennomgang og presentasjon av analysearbeid
Ved gjennomgang av analysemateriell, som for eksempel Ungdata (Bokmål) eller BrukerPlan (Bokmål), ha ei rutine på å invitere brukarrepresentantar knytt til målgruppa til å delta i analysen. Representanten kan anten vere frå ei brukarorganisasjon knytt til målgruppa eller frittståande brukarrepresentant. La dei delta i analysearbeidet og ikkje minst når resultatet skal presenterast for kommunen, politikarar eller liknande. Deltaking i analysearbeidet kan vere gjennom feedback, brukar-evalueringar, nullpunktanalyser, Gap-analyser og liknande.
Gjennomfør regelmessige møter med brukar- og pårørendeorganisasjonar
Møta bør vere strukturerte og godt planlagde. Det bør informerast om forventningar og roller i forkant, samt skape ei møtearena der brukar- og pårørendeorganisasjonane kan bistå med sin kompetanse. Eventuelle møtearenaer kan vere leiar møter, utval eller arbeidsgrupper/team som har faste medlemmar, ei struktur og ei møteplan.
Trekk fram arbeidet med brukar- og pårørandeinvolvering i årsrapporten
Fokuser på å trekke fram korleis senteret har gjennomført brukar- og pårørandeinvolvering i årsrapporten. Dette kan gjerast ved å informere om deltakinga frå brukar- og pårøranderepresentantar, eller ved å vise korleis ein i praksis har gjennomført brukar- og pårørandeinvolvering ved tilbakemelding og dokumentering.
Ha fokus på at pårørande også er brukarar
Sett fokus på pårørande i senteret sitt generelle arbeid og samarbeid med pårørendeorganisasjonar. Vel gjerne ut spesielle område der ein involverer pårørande, og gir dei ei medverknad i henhald til lovkrav som blir stilt.
- Sjå Helsedirektoratet sin pårørendeveileder (Bokmål).
- Les meir om pårørande sine rettar (Bokmål) - PDF.
- Formuleringar frå overordna føringar om medverknad/involvering frå pårørande (Bokmål) - PDF.
Ha oversikt over brukar- og pårørendeorganisasjonar samt kontaktpersonar i regionen
Sørg for å ha ei oppdatert oversikt over aktuelle brukar- og pårørendeorganisasjonane i regionen eller vis til oversikten på bli-involvert. Det er også nyttig for sentra å ha kontaktpersonar frå nemnde organisasjonar, slik at ein får etablert ei heilheitleg kontakt.