Prosjekt og innsatser

Før du går i gang med eit prosjekt eller innsats, må du vurdere korleis brukaren skal involverast.

Kva må du tenke på?

  • Kva er føremålet med å involvere brukar/pårørande i dette prosjektet?
  • Konkret, kva skal brukaren bidra med? Rolleavklaring.
  • Hugs å involvere brukaren i starten av prosjektet – det er vanskeleg å meine noko om arbeid som nesten er ferdig!
  • Vurder om brukarutvalet/erfaringsforumet/erfaringskonsulenten ved din arbeidsplass kan bidra, eller om du skal ta kontakt med ei brukarorganisasjon.
  • Honorering – spør leiinga kva som er vanleg prosedyre ved ditt kompetansesenter.
  • Ha dialog med brukaren undervegs i prosjektet/innsatsen. Det er lettare å meine noko dersom ein har vore med frå start til slutt. 
Ein mann som ser på ein vegg med klistrelappar på
Kva er føremålet med å involvere brukar i dette prosjektet?

“Eg er allereie i gang med eit prosjekt – kva no?”

Finn ut om det er delar av prosjektet det er mogleg for brukarinvolvering i ein sein fase. Snakk med brukar/brukarutval om kva dei tenkjer.

Tips til lesing:

Korleis og kvifor brukarmedverknad i tenesteutviklinga? (bokmål).

Bli inspirert!

Her vil det kome film.

 

Sist oppdatert 24.09.2025