Kvifor brukarinvolvering i forsking?
I enkelte utlysingar er brukarinvolvering allereie eit krav før ein i det heile tatt kan søkje om forskingsmidlar. Brukarinvolvering kan gi betre forskingskvalitet og hjelpe deg som forskar til å levere noko som er nyttig for tenestene.
Kva må eg tenke på? Kven skal eg kontakte?
- Vurder om brukarpanelet/erfaringsforumet/erfaringskonsulenten ved din arbeidsplass kan bidra, eller om du skal ta kontakt med ei brukarorganisasjon.
- Start tidleg! Informer brukarane om den planlagde forskinga. Det kan også vere nyttig å samarbeide i søknadsprosessen.
- Spesielt når det gjeld registerdata kan det vere nyttig å ha med brukarane tidleg i prosessen. Kanskje de finn nokre variablar de ikkje har tenkt på? Når søknaden er sendt er det for seint.
- Konkret, kva skal brukaren bidra med? Rolleavklaring.
- Honorering – spør leiinga kva som er vanleg prosedyre ved ditt kompetansesenter.
- Korleis vil du organisere brukarmedverknaden? Kalle inn til opne møter? Ta direkte kontakt med tenester?
Nyttige ressursar:
Oslo Universitetssjukehus/Universitetet i Oslo har laga ei oversiktleg side om brukarmedverknad i forsking (OUS) (bokmål).
Bli inspirert!
Film om då forskar Kristin G. Askeland frå RKBU Vest fekk nyttig hjelp av tenestene til forskingssøknaden.
Ulike forskingsprosjekt frå RKBU Vest:
Sist oppdatert 03.10.2025