Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking og utvikling

Inkluder brukarrøyst i alt forskingsarbeid, frå første stund og fram til forskinga skal drøftast.

Kvifor brukarinvolvering i forsking?

I enkelte utlysingar er brukarinvolvering allereie eit krav før ein i det heile tatt kan søkje om forskingsmidlar. Brukarinvolvering kan gi betre forskingskvalitet og hjelpe deg som forskar til å levere noko som er nyttig for tenestene.

Kva må eg tenke på? Kven skal eg kontakte?

  • Vurder om brukarpanelet/erfaringsforumet/erfaringskonsulenten ved din arbeidsplass kan bidra, eller om du skal ta kontakt med ei brukarorganisasjon.
  • Start tidleg! Informer brukarane om den planlagde forskinga. Det kan også vere nyttig å samarbeide i søknadsprosessen.
  • Spesielt når det gjeld registerdata kan det vere nyttig å ha med brukarane tidleg i prosessen. Kanskje de finn nokre variablar de ikkje har tenkt på? Når søknaden er sendt er det for seint.
  • Konkret, kva skal brukaren bidra med? Rolleavklaring. 
  • Honorering – spør leiinga kva som er vanleg prosedyre ved ditt kompetansesenter. 
  • Korleis vil du organisere brukarmedverknaden? Kalle inn til opne møter? Ta direkte kontakt med tenester? 

Nyttige ressursar:

Oslo Universitetssjukehus/Universitetet i Oslo har laga ei oversiktleg side om brukarmedverknad i forsking (OUS) (bokmål).

Bli inspirert!

Film om då forskar Kristin G. Askeland frå RKBU Vest fekk nyttig hjelp av tenestene til forskingssøknaden.

Sist oppdatert 03.10.2025