Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn og unges rett til medverknad

Barnets rett til medverknad skal gjelde i alle forhold som vedkjem barn. Dette står nedfelt i FNs barnekonvensjon.

Barn og unges rett til medverknad

FNs barnekonvensjon har vedtatt følgjande (bokmål):

Art. 12: Partane skal garantere eit barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, retten til fritt å gi uttrykk for desse synspunkta i alle forhold som vedkjem barnet […] For dette formålet skal barnet særleg gis anledning til å bli høyrt i kvar rettsleg og administrativ saksbehandling som angår barnet, anten direkte eller gjennom ein representant eller eit eigna organ.
/www.barneombudet.no

Alle barn kan utøve medverknad

Det nyfødde barnet gir signaler om ubehag, smerte, sult eller glede ved for eksempel gråt eller smil, medan barn med aukande alder vil gi meir differensierte signaler basert på eigen vilje og ønsker. Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens indre liv, og for barn og unge i skule blir det lagt til grunn at retten til å bli høyrt omfattar både å få uttale seg, bli lytta til og at det ein seier blir tatt omsyn til. Denne retten blir ofte omtalt som ein rett til å delta eller medverke, og det er ein nær samanheng mellom medverknad og medbestemmelse. Ein har rett til å seie kva ein meiner, men sjølv om ein ikkje alltid kan få bestemme – kan ein alltid medverke i prosessar.

Barn og unges medverknad handlar på den eine sida om moglegheiter til reell påverknad på viktige samfunnsområder gjennom formaliserte organer og organisasjonar. På den andre sida handlar det om moglegheiter for den enkelte til å bli høyrt og ha innflytelse over områder som har betydning for eige liv. Vaksnes plikt til å lytte til barn når dei tar beslutningar som berører dei, er nedfelt både i FNs barnekonvensjon (bokmål), i den norske Grunnloven (§ 104) og i særlovgivning for helsetenester, pedagogisk verksemd og barnevern.

Les om barn og unges rett til medverknad i helse, psykisk helsevern, barnehage, skule og barnevern.

Relevant:

Sist oppdatert 03.10.2025