Venke A. Johansen

Telefon:

+ 47 92 25 57 19

E-mail

Venke A. Johansen

Mi rolle ved RVTS Vest er å koordinere vår arbeid med psykososial beredskap. I tillegg driv eg med forsknings- og utviklingsarbeid, og gjennomfører for tida ei oppfølgingsstudie av doktorgradsprosjektet.

Eg har tru på at RVTS sitt arbeid er viktig for å redusere gapet mellom teori og praksis, og at vår innsats kan gjere ein forskjell.

Eg har fleire års erfaring med undervisning og rettleiing innan universitet og høgskule, og har også jobba som prosjektleiar ved fleire store endringsprosjekt innan spesialisthelsetenesta. Eg har mange års erfaring som leiar, blant anna ved RVTS Vest. Arbeidet som intensivsjukepleiar har gjeve meg erfaring med både barn og vaksne som har vore utsett for traumer. Dette har vore verdifullt å ha med inn i arbeidet på RVTS Vest, både i ein overordna tverrfagleg samanheng, i fagteam vald og seksuelle overgrep og no som fagutviklar.

Eg er intensivsjukepleiar og har i tillegg utdanning innan pedagogikk og rettleiing. Eg har ein doktorgrad ved medisinsk fakultet, sykepleiervitskap, UiB (2007) om psykiske reaksjonar og konsekvensar for livskvalitet etter å ha vore utsett for ikkje-familievald (tilfeldig vold) : “Exposure to non-domestic violence – Short- and long-term psychological reactions and the impact on quality of life”.

Fagutviklar

Del dette: