– Vi treng foreldre, fosterforeldre og vaksne fagpersonar som kan klare å fortsette å vere “vanleg” omsorgsfulle når barnet vert tenåring og avviser igjen og igjen, seier Dag Ø. Nordanger i eit intervju med RVTS Sør.
– Ofte hentar unge fram igjen verdiane i den omsorgen dei fekk då dei trengte den mest, når dei kjem eit stykke inn i tjueåra. Då kan det gode du har gitt dei, som dei ikkje klarte å integrere midt i krisene, finne sin plass i deira forståing av seg sjølv og andre.