News & Events

Viggo Krüger

vk
Foto: uib

Viggo Krüger er førsteamanuensis ved GAMUT, Griegakademiet, Universitetet i Bergen og forsker/musikkterapeut ved Aleris Ungplan & BOI, region vest. Han er leiar av kulturlaget Kom nærmere.

Kom nærmere

Kom Nærmere er eit prosjekt som tilrettelegg kulturaktivitetar for ungdom som er eller har vore i kontakt med barnevernet. Prosjektet er ei langsiktig satsing for å gi ungdom under ettervern moglegheit til å delta i meiningsfulle kulturaktivitetar. Sentralt i satsinga med Kom nærmere er tilrettelegging av aktivitetar som er meint å hjelpe ungdom med å oppleve meistring, felleskap og tilhøyre. Fokus er retta mot ei målgruppe som i mange samanheng fell utanfor dei sosiale nettverk andre tar for gjeve.

Kom nærmere består av medlemmer som er, eller som tidligare har vore i kontakt med barnevernet. Kom nærmere er blitt utvikla gjennom dei ti siste åra for å støtte ungdom før, under og etter ettervernfasen av barnevernsopphaldet.

Ungdommane har gjeve oss løyve til å nytte videomaterialet under.