Aktuelt

David Martinez er dagleg leiar for Møhlenpris idrettslag. Han er brennande engasjert i arbeid med ungdom og inkludering.

I denne «Stemmer i vest» kan du høyre David Martinez snakke om korleis Møhlenpris Idrettslag jobbar med inkludering, og korleis dei tenkjer at arbeidet i MIL kan vere med å førebyggje blant anna radikalisering og utanforskap.

Kva seier  ungdommane om betydninga av å vere med i MIL?

Om David Martinez og MIL

DavidM.David Martinez er født i Ecuador, oppvaksen i Colombia, og har seinare budd i seks forskjellige land og fjorten forskjellige byar. Den tidlegare basketballspelaren har valt å bruke sine eigne erfaringar til å hjelpe andre. I 2010 starta han opp Møhlenpris Idrettslag (MIL). Før det jobba han i New Page saman med Marco Elsafadi.

David deltek på RVTS Vest og Bergen kommune sin mentorordning om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Møhlenpris idrettslag (MIL) er eit idrettslag oppretta som inkluderingstiltak, med minoritetsungdom i Årstad og Bergenhus bydelar som primære målgrupper. Dei to bydelane går igjen som bydelar med særlege levekårsutfordringar i Bergen kommune si levekårsundersøkingar og mange av innbyggjarane i områda har ikkje-vestleg bakgrunn.

MIL jobbar for å gjere ungdommane i idrettslaget kompetente nok til å kunne gå vidare til andre idrettslag i nærmiljøet dersom dei ønskjer det. Samtidig tilbyr klubben tilknytning til grupper og aktivitetar for dei som ønskjer å vere under MIL si fane. Klubben opererer som ein nettverksbyggande arena der idrett er eit middel heller enn eit mål.