Aktuelt
I samarbeid med Brøset er det snart utdanna to kull sinnemeistringsterapeutar ved RVTS Vest. Nyleg var det samling for det andre kullet her på senteret, og vi hadde besøk av Stig Jarwson, Merete Berg Nesset og Anne Meisingset frå Brøset kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri i Trondheim. Vi spurte dei nokre spørsmål:
1. Dette er 2. kull sinnemeistringsterapeutar som vert utdanna ved RVTS Vest. Er det noko på gong når det gjeld oppstart av sinnemeistringsgrupper?
– Det er no ca. 50 sinnemeistringsterapeutar som er ferdig utdanna, og vi veit at det er fleire av desse som har starta opp grupper eller som er i gang med å rekruttere personar til grupper.
2. Tilbodet om sinnemeistring er ikkje like godt i alle dei tre vestlandsfylka. Kva tenkjer de kunne vore bra for til dømes Bergen når det gjeld sinnemeistringstilbodet?
– Vi veit at tilbodet om sinnemeistring er eit sakn i Bergen, særleg i DPS-systemet og på familievernkontora. – Vi har gode erfaringar frå Trondheim, der vi har eit sinnemeistringstilbod som er organisert som ein eigen poliklinikk på DPS-nivå (St. Olavs Hospital avd. Brøset). Her er det tilbod til “den vanlege mannen/kvinnen i gata”. Så lenge ein har henvisning frå fastelgen sin, får ein behandling. Ved å ha eit godt etablert sinnemeistringstilbod, unngår ein ustabilitet for både behandlarar som skal henvise og menneske som treng behandling for sitt sinneproblem.
Relaterte lenker: