Reidar Thyholdt

SONY DSC

Telefon:

+ 47 95 11 04 90

E-mail

Reidar Thyholdt

Psykolog

Systematisk arbeid for å motverke ulike formar for overgrep, og for å forhindre sjølvmord, særleg når barn og unge er utsette.

Brenn for: Dei vaksne, og særleg leiarar sitt ansvar for barn si velferd. Systematikk i arbeid for og med menneske. Bruk av nettet for samarbeid, forskning og kunnskapsbygging. God og relevant vaksenundervisning.

Har tidlegare jobba som klinisk psykolog i PPT og BUP, og privatpraktiserande psykolog i ei årrekke. Har jobba som forskar og førelesar ved institutt for Sosialpsykologi og institutt for Organisasjonspsykologi samt ved Forskningssenter for Arbeidsmiljø, Helse og Sikkerhet, alle ved Universitetet i Bergen. Har hatt eigen konsulentverksemd innanfor feltet arbeidsmiljø og systemutvikling. Har vore engasjert med innføring av Olweus-programmet mot mobbing i Noreg og fleire andre land. Har saman med profesjonelle systemutviklarar laga design og bygd opp eit nettbasert verktyg for spørreundersøkingar primært om mobbing for skuleelevar, lærarar og foreldre. Har utvikla og drifter kvalitetssikringsverktyg for skular som jobbar systematisk mot mobbing.

Psykolog fra Universitetet i Bergen 1981.

Del dette: