Psykososial oppfølging etter kriser, ulykker og katastrofar

Psykososial oppfølging

Det vert stilt høge krav til den hjelpa og omsorgen som vert gjeve til ramma og berørte i den akutte situasjonen og psykososial ivaretaking i tida etterpå.

Dei fleste som opplever alvorlege traume og kriser vil meistre dette utan ekstra hjelp og støtte frå fagpersonar. Men nokon kan få svært sterke reaksjonar som kan føre til alvorlege symptom og redusert livskvalitet på sikt. Det vil truleg bli auka behov for denne kompetansen i framtida, relatert til ulykker, naturkatastrofar, trugslar om terror og at mange menneske er på flukt.

Kommunen har som kjent eit overordna ansvar for psykososial ivaretaking av alle som befinner seg i kommunen om det skjer ei krise, ulykke eller katastrofe. Mange aktørar er involvert, og ei god og hensiktsmessig oppfølging forutset tverrfagleg samspel. Likevel kan ein seie at dei kommunale psykososiale kriseteama er grunnsteinen i dette arbeidet. Desse teama skal ha høg kompetanse på psykososialt krisearbeid og vere ein ressurs og støtte i samband med kriser, ulykker og katastrofar.

Både auka kjennskap til behovet for psykososial oppfølging, og auka forventningar hos befolkninga til kriseteama, fører til at dei får fleire oppgåver og vert aktivert i stadig fleire situasjonar. I den kommunale kvardagen er det likevel enkelthendingar med begrensa omfang som er den vanlegaste årsaka til at kriseteam vert aktivert. Det er i samband trafikkulykker, sjølvmord og andre dramatiske dødsfall, at dei fleste kommunale kriseteam vert aktivert. Truleg vil det vere slik i framtida også, men kriseteama vert også aktivert om det skjer større katastrofar, difor er det viktig å vere forberedt.

RVTS Vest sitt arbeid

RVTS har i oppdrag å bistå de kommunale psykososiale kriseteama for å ivareta og oppdatere kompetansen knytta til handtering av kriser, store ulykker og katastrofar.  Grunnlaget for dette arbeidet er blant anna rettleiaren Mestring, samhørighet og håp Veileder for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer (IS-2428).

RVTS Vest prioriterer å bistå kommunane høgt. Undervisning og formidling skjer blant anna gjennom “Kriseteamskulen” som totalt har eit oppsett med 5 kursdager kor heile programmet vert gjennomført 3 stader i region vest (Skei, Sandnes og Bergen)[1].

Erkjenninga av leiarens betydning for å få god funksjon på kriseteamarbeidet, gjorde at RVTS Vest tok initiativ til å etablere leiarnettverk av kriseteamleiarar og andre leiarar som har psykososialt ansvar (familievern, politi, kyrkje, Human-Etisk Forbund m.m). Det er etablert eit leiarnettverk i Rogaland [2], kor fokus er på leiarrolla og ansvaret leiaren har for å syte for auka kunnskap, erfaring, oppdatert planverk, samarbeid og ressursar. Slik vil ein få betre beredskap.

RVTS Vest vil å bidra til auka forståing for prosessen før, under og etter som psykososial beredskap må bygge på. Vi vil formidle ein slik kompetanse via kunnskap, haldninger og aktuelle verktøy.

[1] Kriseteamskulen er organisert med 3 (1×3) basisdagar som er eit grunnleggande program der psykososial ivaretaking på kort og lang sikt (psykologisk førstehjelp), organisering, og ivaretaking av teamet sine medlemmer m.m er tema. I tillegg har vi 2 (2×1) påfylldagar der målgruppa er for «viderekomne» (fagpersonar som allereie har kjennskap til tematikken).

[2] RVTS og fylkesmannen (v/ fylkeslegen) etablerte eit fagnettverk i Rogaland allereie i 2011, der målgruppa var kriseteam og andre (familievern, politi, kyrkje, Human-Etisk Forbund, spesialisthelsetenesta) som hadde psykososialt ansvar relatert til Utøya-oppfølging. I 2014 vart også dei øvrige kommunane invitert inn. Målgruppa vart også endra til leiarar for kriseteam og andre (maksimum 2 deltakarar frå kvart kriseteam) i 2016 for å ha et lederfokus på videre kompetansearbeid innen nettverket.

Del dette:

Aktuelle lenker

Psykososialberedskap.no. Nettportalen som dekker områda kriser, katastrofar, militært innsatspersonell, teneste i katastrofeområde og terror. Intensjonen er at portalen skal vere eit praktisk og nyttig verktøy som gir konkret kunnskap til hjelpearbeidarar.

Les meir

 

E-læringskurs for medlemmer i psykososiale kriseteam i heile landet. Kurset skal gi auka kunnskap og kompetanse i møte med råka og etterlatne etter kriser, ulykker og katastrofer. Kurset er ope for alle interesserte, og det er gratis å gjennomføre.

Les meir

 

Kriser.no. Ei hjelp for fagfolk i handtering av krisesituasjonar.

Les meir

 

Katastrofer, terror og stressmestring. Temaside på nettsiden til NKVTS (Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress).

Les meir

 

Del dette:

Artiklar om psykososial ivaretaking

Kirsti Silvola, RVTS Øst, Karen Ringereide, RVTS Sør, Knut Hermstad, RVTS Midt, Atle Dyregrov, Senter for Krisepsykologi og Venke A. Johansen, RVTS Vest har skrevet om nokre aktuelle tema med fokus på psykososial ivaretaking. Desse artiklane kan blant anna nyttast i samband med kompetanseprogram for kriseteama og ved leiarutvikling. Artiklane er ikkje ein integrert del av rettleiaren «Mestring, samhørighet og håp Veileder for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer» (is 2428), publisert av helsedirektoratet, men er skriven for å bidra til ei auka forståing for konkrete delar av kriseteama sitt arbeid.

Kriseteamet sin fagkompetanse

Knut Hermstad, RVTS Midt og Venke A. Johansen RVTS Vest

Det er viktig at kriseteamet har kunnskap om betydninga av god informasjon og praktisk hjelp og omsorg. God ivaretaking den første tida etter ei ulykke eller krise, vert rekna som eit viktig helsefremjande tiltak.

Last ned PDF

Kompetanseutvikling

Knut Hermstad, RVTS Midt og Venke A. Johansen RVTS Vest

Krisekompetanse kan beskrivast som ein kombinasjon av teoretisk og erfaringsbasert kunnskap, kor kompetansen består av krisearbeidaren/kriseteamet si samla helse- og sosialfaglege kunnskap slik denne er utvikla i møte med kriseramma menneske og deira behov.

Last ned PDF

Varsling og aktivering av psykososialt kriseteam

Kirsti Silvola, RVTS Øst og Venke A. Johansen, RVTS Vest

Psykososialt kriseteam kan aktiverast ved hendingar av mindre omfang som vert vurdert som alvorlege, dramatiske og potensielt traumatiserande for dei ramma. Ved større hendingar og katastrofar inngår slik varsling som ein del av kommunen sin overordna beredskapsplan. Rutinar og prosedyrar for varsling av kriseteam og/eller ordinære tenester som har ansvar for psykososial oppfølging varierar. Imidlertid er det ei forutsetning at det er eit oppdatert og praktisk tilrettelagd system med klare retningsliner der samhandlingsprinsippa er skissert.

Last ned PDF

Psykososial kriseleiing

Venke A. Johansen, RVTS Vest og Atle Dyregrov, Senter for Krisepsykologi

Leiaroppgåvene ved psykososialt beredskapsarbeid og krisehandtering er særleg krevjande og byr på mange utfordringar.  Leiaren sitt ansvar og rolle ved psykososial beredskap vert difor vektlegt i artikkelen.

Last ned PDF

Psykososial beredskap - Trening og øvingar

Venke A. Johansen RVTS Vest og Kirsti Silvola, RVTS Øst

Gjennomføring av øvingar og trening vert anbefalt på det sterkaste for å styrkje teamet si handlingskompetanse og hensiktsmessig samarbeid slik at god psykososial oppfølging vert sikra, ved både små og store hendingar.

Last ned PDF

Oppfølging og ivaretaking av kriseteamet sine medlemmer

Karen Ringereide, RVTS Sør og Venke A. Johansen RVTS Vest

Kriseteamet sine medlemmer har eit krevjande ansvar og mangefasetterte utfordringar, og difor har god ivaretaking av medlemmene i teamet stor betyding.

Last ned PDF

Døme på tabletop-øvingar

Det er utarbeidd døme på tabletop-øvingar og rollespel som kan nyttast. Her kan man sjølvsagt justere og endre innhald og form slik at det vert tilpassa lokale forhold og spesifikke behov. Ein pedagogisk strategi kan vere å gje meir opne oppgåver og på den måten fremje fri refleksjon og stor spennvidde. Eller ein kan nytte delar av det foreslåtte oppsettet med oppgåver.  I døma som involverer barn og skule er det viktig å ta stilling til kva ein skal gjere dersom nokre barn kjem frå ein annan kultur; språkproblem, tolkar, kultursensitivitet generelt, barn som bor i fosterheim, barnevern, biologiske foreldre, fosterforeldre, barn som vert skjerma for ein/begge foreldra, kven skal verte kontakta, samkøyring av kriseteamet og skulen sine tiltak osv.

Last ned PDF

Del dette: