Basisdag 2 i januar om psykologisk førstehjelp har alt mange påmeldte. Dagen er ein del av Kriseteamskulen og vert arrangert i Sandnes, Skei og Bergen.
Vi spurte Reidar Thyholdt, ansvarleg for dagen om kva innhaldet er på denne andre basisdagen for kriseteamskulen:
– Tema vil vere korleis møte dei som nyleg har opplevd vonde hendingar. Kva med dei som reagerer svært sterkt, og dei som tilsynelatande ikkje reagerer i det heile? Vi skal sjå på ulike strategiar for hjelp på kort og lang sikt. I tillegg vil sjå nærmare på kven det er vi må henvise vidare.
Vi gjer merksam på at det framleis er mogeleg å melde seg på. Sjekk kurskalenderen for stad du vil melde deg på: