Patrick O’Loughlin

Telefon:

+ 47 47 23 83 77

E-mail

Patrick O'Loughlin

Psykologspesialist

Barn og familiar med flyktning/asylsøkar-bakgrunn. Nettverksbygging for å tilrettelegge for best mogeleg bruk av felles ressursar. Traumebevisst oppfølging av barn og familiar, grupper for einslege mindreårige og andre ungdommar med bakgrunn som flyktning/asylsøkar. Opplæring av rettleiarar i International Child Development Programme (ICDP) – minoritetsversjonen. ICDP-grupper for foreldre med flyktning/etniske-minoritetsbakgrunn.

Brenn for: Inkludering i kvardagen av alle, særleg menneske med ulik etnisk bakgrunn. Utvikling av metodar og tiltak som tilrettelegg for best mogeleg utnytting av alle sine ressursar. Flykningar/asylsøkarar har overvunne mange hindringar og er ein flott ressurs som beriker Noreg. Utvikling av kreative metodar for å kunne møte nye/ukjente utfordringar. Bruk av tilnærmingar som: «Samen er vi best!» og «Tør å tenke dine eigne tankar: Kanskje er det akkurat din idè vi treng!» Og ikkje minst: Ikkje gløym humoristisk sans!

Eg har arbeidd som lærar i grunnskolen og som spesialpedagog i London, samt som morsmålslærar i Bergen. Vidare har eg jobba som skulepsykolog i London og Bradford i spennande fleirkulturelle kontekstar. På 90-talet var eg 2,5 år i Ministry of Education, Zambia, der eg jobba med utvikling av gode tiltak for barn med særlige behov, kriseintervenering i eit HIV/AIDS-ramma land og var med på innføringa av landets første Portage Programme. På Vestlandet har eg jobba i Utekontakten, leia ein PPT i fem år, behandla rusavhengigheit hos vaksne, arbeidd i psykisk helsevern for barn og unge og som psykolog i Kreftforeininga med ansvar for oppfølging av barn med kreft og deira familiar. Eg har jobba ved RVTS Vest sidan 2006.

Utdanna lærar, psykolog og spesialist i klinisk barnepsykologi. Eg har teke Seniorutdanning i traumebehandling med fokus på barn, ungdom og familiar og Narrativ eksponeringsterapi; Portage Early Education Programme.

Del dette: