Påfyllsdagar 2019

Korleis tåler medarbeidarar i kriseteam intrykka dei møter?

Gode hjelparar vert påvirka av å høyre om sterke inntrykk og valdsame situasjonar.

Vår evne til empati og medmenneskelegheit gjer oss spesielt sårbare. Gjennom dei siste par tiåra har det kome til meir kunnskap om dette i traumefeltet, og no veit vi meir om korleis det kan arte seg for hjelparane. Sjølv om det kan gi oss glede å hjelpe menneske i fortvilelse er også mange av effektane svært problematiske. Hva kan vi gjere for å hjelpe oss sjølv og kvarandre når det røyner på?

Denne påfyllsdagen vil gi deg ei betre forståing av desse påverknadane og kor du sjølv befinner deg i forhold til sekundærtraumatisering, vikarierande traumatisering og utbrentheit. Vi vil også diskutere kollegial støtte og sjølvhjelp. Hugs at det er dei beste blant hjelparane som gjerne er mest utsette.

Deltaking på påfyllsdagane kostar 500,-

Meld deg på


16. oktober i Bergen Stad: SAS Radisson Bryggen Tid: 09.30-15.30 (Frist: 09.10.2019)

22. oktober på Forus Stad: Scandic Stavanger Forus, Bryggen Tid: 09.30-15.30 (Ny frist: 17.10.2019)

23. oktober i Haugesund Stad: Scandic Haugesund, Bryggen Tid: 09.30-15.30 (Ny frist: 17.10.2019)

3. desember på Skei Stad: Thon Hotel Jølster Tid: 09.30-15.30 (Frist: 19.11.2019)

Del dette: