Nasjonal mentoropplæring om forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme 2020

Nasjonal mentoropplæring om forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme 2020

Foto: Fabrizio Verrecchia / Unsplash

Stad

Bergen.

Mentorutdanninga vert arrangert fysisk og vi vil sørge for eit korona-tilpassa lokale (informasjon om stad kjem) . I starten av oktober vil vi likevel kunne revurdere situasjonen: Dersom myndigheitene på dette tidspunktet ikkje tillater så mange på ein stad eller fraråder reise til Bergen frå andre stader, vil vi legge til rette for ei webinar-løysing.

Datoer: 

Samling 1: 14., 15. og 16. oktober

Samling 2: 4., 5. og 6. november 

Samling 3: 18., 19. og 20. november

 

Bergensmodellen (BMO) for mentoropplæring:

Bergensmodellen (BMO) for mentoropplæring er ei opplæring om forebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme, og har som mål å utruste deltakarane med ei haldnings- og handlingskompetanse som gjer dei i stand til å fange opp og jobbe med personar som:

  • står i fare for å gå inn i en radikaliseringsprosess
  • har vore eller er ein del av ekstremistiske nettverk
  • har returnert frå irregulær krigføring i konfliktområde
  • er barn av fremmedkrigarar
  • samt desse gruppene sine pårørande og utvida familienettverk

 

Målgruppe for utdanninga:

Personar som har ein jobb der dei kjem i kontakt med sårbare unge, vaksne og deira pårørande. Til dømes tilsette i utekontakten, barnevern, familievern, lærarar, flyktningeteneste, skulerådgjevar, psykisk helse, SLT-koordinator, politi, NAV, tilsette i frivillige og religiøse organisasjonar.

Utdanninga vektlegg at deltakarane er personleg eigna, har relevant fagbakrunn og jobbkontekst. Forutsetning for opptak er at tenester som søker har ein implementeringsplan for bruk av utlærte deltakarar; for eksempel som miljøterapeutiske mentorar, medlem i kommunale ressursteam eller som ressurspersonar på sin arbeidsplass.

Utdanninga går over tre samlingar med totalt 9 dagar og kostar til saman 2500 kr pr. person.

Betaling for utdanninga vert gjort i etterkant av opptaket. Det vert sendt ut faktura dersom det er fem personar eller fleire frå ein arbeidsplass som deltek. Øvrige får tilsendt betalingslenke for betaling via kort eller VIPPS. 

Kontakt: Elisabeth Harnes for meir informasjon om utdanninga Mob: 90697525 

Innhald og detaljert program kjem i løpet av oktober.