Mentoropplæring om forebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme

Bergensmodellen (BMO)

I 2016 utvikla og piloterte RVTS Vest si første mentoropplæring om forebygging av radikalisering mot voldelig ekstremisme i Bergen. Sidan har vi utdanna over 200 mentorar frå heile Noreg.

Vår nasjonale mentoropplæring har som mål å utruste deltakarane med ei haldnings- og handlingskompetanse som gjer dei i stand til å fange opp og jobbe med personar som:

  • står i fare for å gå inn i en radikaliseringsprosess
  • har vore eller er ein del av ekstremistiske nettverk
  • har returnert frå irregulær krigføring i konfliktområde
  • er barn av fremmedkrigarar
  • samt desse gruppene sine pårørande og utvida familienettverk

Målgruppe

Målgruppe for utdanninga er personar som har ein jobb der dei kjem i kontakt med sårbare unge, vaksne og deira pårørande.

Til dømes tilsette i utekontakten, barnevern, familievern, lærarar, flyktningeteneste, skulerådgjevar, psykisk helse, SLT-koordinator, politi, NAV, tilsette i frivillige og religiøse organisasjonar.

Utdanninga vektlegg at deltakarane er personleg eigna, har relevant fagbakrunn og jobbkontekst. Forutsetning for opptak er at tenester som søker har ein implementeringsplan for bruk av utlærte deltakarar; for eksempel som miljøterapeutiske mentorar, medlem i kommunale ressursteam, radikaliseringskontaker i politiet eller som ressurspersonar på sin arbeidsplass.

Samlingar

Utdanninga vert i 2021 arrangert via Teams. 

Samling 1

17. - 19. mars

Samling 2

7. - 9. april

Samling 3

26. - 28. mai

Påmelding og kontakt

Utdanninga går over tre samlingar med totalt 9 dagar og kostar til saman 2500 kr pr. person. Vi gjer merksam på  at det er begrensa plassar.  Betaling for utdanninga vert gjort i etterkant av opptaket. Det vert sendt ut faktura dersom det er fem personar eller fleire frå ein arbeidsplass som deltek. Øvrige får tilsendt betalingslenke for betaling via kort eller VIPPS.

Kontakt Elisabeth Harnes på : elisabeth.harnes@helse-bergen.no for meir informasjon om utdanninga Mob: 90697525. Innhald og detaljert program kjem i løpet av 1. mars.