Los-funksjon for råka etter 22. juli

Det er etablert los-funksjon for råka etter terrorhandlingane 22. juli 2011 hos dei regionale RVTS’ ane (Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress).

Bakgrunn

Støttegruppa etter 22. juli har etter ei undersøking blant overlevande og pårørande bedt om at det vert etablert ei regional los-funksjon for råka av terrorhandlingane i 2011. Intensjonen er å bidra til psykososial støtte og ivaretaking, blant anna gjennom bistand til å finne fram til relevante oppfølgingsinstansar. Regjeringa har lagt denne oppgåva til dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging (RVTS). Frå 2019 har RVTS’ ane fått tildelt midlar for å ivareta denne funksjonen.

RVTS’ ane har i fellesskap med Nasjonal Støttegruppe etter 22.juli, utarbeidd følgande mandat:

Mandat:

  • RVTSane skal bistå Nasjonal Støttegruppe i å synleggjere tilbod om los-funksjon overfor dei råka etter terrorhandlingane i 2011.
  • Kvar RVTS oppnevner losar (kontaktpersonar) som råka kan kontakte.
  • Dei råka kan ta direkte kontakt med losane. Det vert tilbudt avklaringssamtale/r for vurdering og eventuell oppfølging av behov for bistand.
  • Losenes oppgåve vil blant anna vere å informere om aktuelle tilbod.
  • Losane kan ved behov vere behjelpeleg med å etablere kontakt med relevante instansar, der vedkommande kan få eit tilbod om helsehjelp eller annan bistand. 
  • Losane skal bidra til eit tettere samarbeid mellom RVTS’ ane, Nasjonal støttegruppe og dens fylkeslag.
  • Det er utvikla eit system for dokumentasjon som omfattar samtykkeskjema, loggføring, registrering og brukarevaluering. Dette er gjort i tråd med oppdaterte personvernregler inkludert GDPR.