RVTS Vest følger retningsliner frå Folkehelseinstituttet og Helse Bergen.

Arrangement som samlar fleire menneske kan gi grunnlag for stor smittespreiing, både på arrangement, ved bruk av offentleg transport til og frå arrangement, samt i ettertid. Dette verkar inn på RVTS Vest si drift, i første omgang fram til påske. Tilsette ved RVTS Vest innstiller reiseverksemd, og nyttar i staden digitale plattformar.

Vi har heimekontor, og er difor ikkje tilgjengeleg på senterets telefon. Dersom du veit kven du kan kontakte om ei problemstilling, sjå kontaktinformasjon til våre tilsette. Elles kan du sjå vår generelle kontaktinformasjon.

I ei tid kor fysiske møter er begrensa, ønsker vi å informere om at det er finnast mange nyttige nettressursar tilgjengeleg. På RVTS.NO – RVTSane sin felles nettportal, finn du lenker til ulike ressursar som kan vere til nytte for våre målgrupper. Du finn blant anna:

  • Filmar
  • Opplæringsportalar
  • Nettressursar

Det er også laga mykje god informasjon på nettet i samband med koronaviruset. Vi ha samla nokre ressurssider under.

Informasjon, råd og hjelp i samband med korona

I ei tid kor fysiske møter er begrensa, har vi samla informasjon som kan vere relevant for våre målgrupper.

Gå til informasjon