Kontakt og informasjon

Driftsendringar ved RVTS Vest under koronapandemien

 

Vi er tilgjengeleg for råd og rettleiing per telefon og Skype, og kan arrangere fysiske møter med inntil 10 personar. Under finn du kontaktinformasjon til enkeltansatte og til senteret sitt felles inntak. Førespurnader vert behandla fortløpande, akutte saker har prioritet, mens lengre planlagte løp dessverre vil måtte vente til situasjonen er meir oversiktleg. Tidlegare inngåtte avtalar vert oppdatert i samarbeid med kontaktperson.

Informasjon, råd og hjelp i samband med korona

Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) skal vere ein samarbeidspartnar­ for tenestene i region vest innanfor:

  • Sjølvmordsførebygging og sjølvskading
  • Flyktninghelse og tvungen migrasjon
  • Vald og seksuelle overgrep
  • Kriser og psykososial beredskap

Vi tilbyr anerkjent og oppdatert spisskompetanse til våre målgrupper:

  • Faste eller tilpassa opplæringsprogram
  • Rådgjeving i enkeltsaker
  • Rettleiing i gruppe
  • Møteplassar for fagutveksling
  • Nettressursar

Vårt nedslagsfelt er Rogaland og Vestland, og vi arbeider på tvers av etatar og sektorar. Helsedirektoratet er vår oppdragsgjevar, og vi er organisert som ei eining i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus.

Få nyhetsbrevet vårt tilsendt på e-post: 

Når du melder deg på epostlista for å motta RVTS Vest sitt nyhetsbrev, samlar vi kun inn e-postadressa di, og vil kun nytte denne til å sende ut nyhetsbrev. E-postadressa di blir ikkje gitt vidare til nokon tredjepart, og du kan når som helst melde deg av denne lista.

Telefon: + 47 55 97 66 95*
E-post: rvts@helse-bergen.no

*Vi har ikkje fast telefontid. Dersom du veit kven du kan kontakte om ei problemstilling, sjå kontaktinformasjon til våre tilsette. Elles kan du nytte e-postadressa over.

Postadresse

RVTS Vest
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Postboks 1400, 5021 BERGEN