Konsultasjonsteam om vold og seksuelle overgrep mot barn

Tverretatleg samarbeid er viktig og naudsynt i arbeidet med saker der det er mistanke om at barn kan vere utsett for vald, vitne til vald, seksuelle overgrep eller kjønnslemlesting. RVTS Vest kan bidra til å starte opp tverretatlege konsultasjonsteam i din kommune. Vi veit at dette bidreg til at fleire barn får hjelp!

person-793678_640

Foto: pixabay.com

Kva er eit tverretatleg konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep?

Tverretatlege konsultasjonsteam er team som er tverretatleg og tverrfagleg sammensett, og som har mandat til å yte råd, rettleiing og konsultasjon til offentlege tenester og privatpersonar som har bekymring for overgrep mot barn.

Tverretatleg konsultasjonsteam er eit lågterskeltilbod. Det vil seie at fagfolk kan kontakte teamet når dei er bekymra for om eit barn kan vere utsett for overgrep, dei treng ikkje å vere sikre. Det viktige er at fagfolk har eit kompetent miljø å henvende seg til for å få hjelp med fortolkninga av barns atferd og utsagn som vekker bekymring. Dei kan då få rettleiing på korleis ein kan gå fram for å avklare situasjonen, og om arbeidet vidare dersom bekymringa viser seg berettiga. Alle saker som vert framlagt i teamet er anonymisert.

Kven kan kontakte teama?

Dei som i kraft av sin yrkesutøving har ei bekymring for overgrep, som for eksempel tilsette i barnevern, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell, tannhelsetenesta og andre fagfolk som møter barn. Også privatpersonar kan ta kontakt med teama.

Målsetjing

Hovedmålet er å bidra til auka avdekking av vald og overgrep mot barn. Målsetjinga er at fagfolk og privatpersonar kontaktar teamet når dei har bekymring knytt til mogelege overgrep mot barn. Teamet kan då bidra til å koordinere det vidare arbeidet for å sikre at barn får rett hjelp til rett tid, og å unngå feilgrep.

RVTS Vest si rolle

RVTS Vest har vore med å starte fleire konsultasjonsteam i region vest, og er sentral både i oppretting og oppfølging av teama. Vi gir rettleiing av nyoppstarta konsultasjonsteam det første året, og har fellessamlingar for heile eller delar av konsultasjonsteama 1 gong i året. I tillegg vert teama tilbudt opplæring i å halde undervisning om vald og seksuelle overgrep for skular og barnehagar med fagdagen «Handlingskompetanse ved bekymring for eller kjennskap til at barn utsettes for vold og seksuelle overgrep».

Konsultasjonsteam i region vest

Reidun Dybsland

Spesialkonsulent
Telefon: + 47 98 84 38 16
Del dette: