Aktuelt

Dag Ø. Nordanger var nyleg invitert til Helse og omsorgsdepartementet (HOD)for å gi ei kunnskapsoppdatering om konsekvensane av vald og overgrep mot barn.

child-1311854_640Invitasjonen var i samband med arbeidet som i desse dagar er i god gang i HOD og andre departement kring den kommande opptrappingsplanen mot vald i nære relasjonar. Interessa for å få Dag Nordanger si stemme inn i dette arbeidet var særleg knytt til det nevrobiologiske perspektivet på konsekvensar av slike belastningar.

Dag er ein framtredande skikkelse i formidling av nyare traumepsykologi, kor kunnskap frå traumepsykologi og utviklingspsykologi vert integrert. Han er blant anna initiativtakar til eit nasjonalt fagnettverk som jobbar for å fremje fagutviklinga om komplekse traume/utviklingstraume (CACTUS). Vi spurte difor om hans oppleving av å få snakke om dette på departementsnivå.

Dag1
Dag Ø. Nordanger

– Besøket etterlot eit klart inntrykk av at arbeidet med opptrappingsplanen, og at den skal vere fundert på oppdatert kunnskap, er høgt prioritert i departementa, seier Dag.

– I utgangspunktet skulle mitt foredrag vere for Kommunetjenesteavdelingen i HOD, men interessa var så stor at det vart gjort til eit allmøte for heile departementet.

– Eg opplevde at forsamlinga var lydhøyr for at man på ein del område må tenke alternativt når det gjeld førebygging og tiltak for desse barna. Mange av dei barna som har hatt det verst får vanskar som går på tvers av alle kategoriar for fysiske og psykiske lidingar, noko som blant anna utfordrar ein del av dei systema vi har i dag for kartlegging og behandling.

– Eit av mine budskap i foredraget var at barnehagane er ein nøkkelarena både som sikkerheitsnett og utviklingsfremjande arena for utsette barn, og at dette er ein sektor som bør prioriterast når det gjeld kompetanseutvikling kring korleis ein kan fange opp og hjelpe desse barna tidleg.

– Eg vart svært glad for muligheten til å få formidle dette til eit nivå av forvaltninga med så stor påvirkningskraft på barn sin situasjon og framtid, avsluttar Dag.

Dag2
Dag Ø. Nordanger i HOD for å gi ei kunnskapsoppdatering om konsekvensar av vald og overgrep.

Om CACTUS

cactus_bannerKunnskapen om komplekse traume/utviklingstraume har utvikla seg svært raskt og har implikasjonar for mange tenester for barn og unge. For å fremje fagutviklinga på dette viktige feltet har mange norske kunnskaps- og kompetansesentre valt å slå sine ressursar saman i eit eige fagleg nettverk – CACTUS.

Forskning visar at utviklingstraume auker risikoen for ein nevrobiologisk skeivutvikling kor kapasiteten og evna til sjølv- og affektregulering er underutvikla eller svekka. Dette kan gje reguleringsvanskar på ei rekkje område, både reint kroppsleg og sansemotorisk, og på funksjonsområde som involverer affekt, atferd og merksemd. Kunnskapen er utfordrande i forhold til nokre av dei system og kategoriar som i dag er med på å organisere våre tenester. Blant anna går vanskane ofte på tvers av diagnostiske kategoriar, slik at barn med ei slik historie oppfyller kriteriane for fleire diagnosar samtidig.

På bakgrunn av kunnskapsstatusen på feltet ser CACTUS eit behov for fagutvikling kring følgjande problemstillingar:

Dersom vanskane primært handlar om grunnleggjande reguleringsvanskar, kva betyr det for kva som er underliggande mekanismer for endring, og korleis desse best kan verte stimulert?

Kva implikasjonar har eit utviklingstraumeperspektiv for utreiing og kartlegging? Kva er dei mest representative symptom og funksjonsvanskar i ulike aldre?

Kva implikasjonar har utviklingstraumeperspektivet for skulen, barnevernet, spesialisthelsetenesta, eller andre barneretta tenester sitt arbeid?

Kjelde: cactusnettverk.no