Aktuelt

RVTS Vest og RKBU Vest inviterer til forebyggingsforum kor fokus er på barn og unge sitt bruk av sosiale media.

Sosiale media kan vere ein utfordring når det gjeld unge og sjølvmord. I etterkant av at ein ungdom har teke livet sitt vert gjerne informasjon, kjensler, tankar, meiningar og spekulasjonar om ”kvifor”, delt på sosiale media. Ei slik ufiltrert deling kan vere destruktiv og bidra til smitte. Det finnast også nettsider med beskrivingar av metodar og direkte oppfordringar til sjølvmordshandlingar. Samstundes har sosiale media også gitt ungdom ein heilt ny arena for å snakke om sjølvmord med fagfolk og hjelpetenester (Ringereide, 2016).

Og mykje tyder på at det å vere åpen om sjølvmord og sjølvmordstankar kan for nokon vere eigenterapi, i tillegg til å vere til hjelp for andre.

Førelesarar på forumet er Anne Marita Milde, senterleiar for RKBU Vest, Pia Beate Pedersen, journalist og podkastar som driv podkasten «Pia og psyken», Rita Astridsdotter Brudalen, pedagog og kommunikasjonsansvarleg i Medietilsynet Trygg bruk, Svein Øverland er psykolog og medeier i SuperEgo AS og PsychCon AS samt Thale Brekke, søster, aktiv i Unge LEVE og masterstudent i samfunnskommunikasjon. Konferansier er Eirin Eikefjord, journalist i Bergens Tidende.

Målet med forebyggingsforumet er at vi skal få ei større forståing for korleis barn og unge i dag på ulikt vis nyttar seg av sosiale media, og korleis vi kan hjelpe dei å navigere i dette landskapet, for å unngå at barn og unge nyttar sosiale media destruktivt.

Meld deg på Forebyggingsforum 2017

Forebyggingsforumet er gratis, og du kan melde deg på her:

Forebyggingsforum 2017. Barn og unges bruk av sosial media #selvmord

Frist: 16. mai 2017