Førebygging av sjølvmord og sjølvskading i skulen

RVTS Vest har utvikla eit skulebasert initiativ med mål om å redusere forekomst av sjølvmord og sjølvskading i skulen.

portrait-1216264_640
Foto: pixabay

Sjølvmord er eit alvorleg folkehelseproblem, Noreg er ikkje noko unntak i så måte. I aldersgruppene under 15 år er sjølvmord heldigvis sjelden [1], men forskning har vist oss at mange som gjer sjølvmord seinare i livet har debutert med sjølvmordstankar alt ved skulestart. Sjølvskading er langt hyppigare og har størst forekomst i tenåra og tidleg 20-åra [2].

RVTS Vest gjennomførte i åra 2011-2012 pilotprosjektet Selvmordsforebygging i skolen i to bydelar i Bergen (Skuleprosjekt I) [3]. Fleire personar (hovudsakeleg lærarar og skulehelsetenesta) vart rekruttert frå skulane og utgjorde ei ressursgruppe som holdt opplæring for personalet i skulane i sine bydelar. Portner-modellen (På engelsk «Gate-keeper» modellen) [4] og Train-the-trainer modellen [5] vart nytta i dette arbeidet. Portnermodellen har blitt brukt over store delar av verda og inneber i denne samanheng at trygge vaksne
kan ha ein nyttig posisjon som ein portnar eller dørvakt som ser elevane i kvardagen og kan oppdage endra atferd og andre signal på at den unge er i ein vanskeleg livssituasjon.

Ei kartlegging samt drøftingar i nettverket av ressurspersonar har gitt verdifulle tilskudd til raffinering og justering på veg mot prosjektet Forebygging av sjølvmord og sjølvskading i skulen (Skuleprosjekt II). Kunnskap om førebygging og gode implementeringsstrategiar i skulen dannar grunnlaget for prosjektet.

Ved Miami Dade County School District (MCSD) i Florida, USA, har man nytta ein variant av Portner-modellen ved at skulane har rekruttert og fått utdanna sine eigne «Trust Councellors» [6] (i dette prosjektet: Ressurspersonar) blant fleire andre tiltak. Desse rådgjevarane er tilgjengeleg for elevar som opplever vanskelege livssituasjonar, og kan også rettleie kollegaer i skulen når det gjeld denne type problematikk.

Skuledistriktet MCDS har registrert meir enn ei halvering av sjølvmord i løpet av ein seksårsperiode [7]. Å ta i bruk kunnskap og ferdigheiter som ikkje er kjernekompetanse for tilsette i skulen, krev både teoretisk kunnskap og praktisk skolering.

Mykje erfaring på implementeringsfeltet viser at slik praksis må følgast inn i organisasjonar gjennom eit styrt og systematisk arbeid. Prosjektet tek i bruk Train-the-trainer modellen og denne inneber at ekspertar (her RVTS Vest) kan utdanne ressurspersonar som i sin tur lærer opp dei som har den store kontaktflata med ungdommane (her: skulepersonalet). Både teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter må innarbeidast og innøvast gjennom heile kjeden av formidling.

[1] Kilde: SSB
[2] Øverland, S: Selvskading, Oslo 2006
[3] Ytrebygda og Fana bydeler med til sammen 20 skoler
[4] Isaac, M.: Gatekeeper training… a systematic review, Cn Journ. Of Psychiatry,
2009
[5] Orfaly, R.: Train‐the‐trainer as an Educational Model in Public Health Preparedness.
I: J.Pub.Health Management & Practice, 2005
[6] Zenere, F.: The decline of youth suicidal behavior… I Suicide & Life – Threatening
Behavior, 1997.
[7] Zenere, F.: Suicide clusters and contagion, I Principal Leadership, 2009

Samtale med selvmordsnær ungdom (kortversjon)

Samtale med selvmordsnær ungdom (lang versjon)

Annie Norevik

Spesialkonsulent
Telefon: + 47 92 28 87 82

Logg inn

Del dette: