Aktuelt
Fokus på å trygge norske barn i utlandet
- 30/10/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking barnesamtalen Førebygging omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep Traume Traumebevisst Utviklingstraumer Vold
Sjømannskirken er oppteken av at barn skal ha det godt under sitt opphald i utlandet. Tilbodet Familieveiviseren feirer 10 år på Costa Blanca.
I den samanheng vart Reidun Dybsland og Linda R. Kvalvik frå RVTS Vest invitert for å førelese om «Korleis samtale med barn som opplever vald og misbruk i nære relasjonar».
Sølvi Madsen, leiar for Familieveiviseren, fortel at dei er i kontakt med mange barn og familiar som bor i området. Familieveiviseren tilbyr samtalar med barn og unge, familiesamtalar og parsamtalar. Det er eit lågterskeltilbod til barn og unge og deira foreldre.
– Vi har som formål å fremje ein tryggare og betre kvardag for barn, unge og foreldre i den tida dei oppheld seg på Costa Blanca-kysten, seier ho.
– I dag har Familieveiviseren invitert til felles fagdag, der tilsette i sjømannskirkene i Spania, samarbeidspartnarar frå skule, barnehage og helse har satt fokus på samtalar med barn og unge i vanskelege livssituasjonar. Det å setje fokus på samtalen, trene på vanskelege samtalar og møtast for å drøfte problemstillingar vi står i her i Spania, har vore nyttig, seier Sølvi Madsen. – Vi har allereie planar om å vidareutvikle samarbeidet.