Tre filmar som kan vere til hjelp i arbeid med barn og unge som har hatt det vanskeleg.
RVTS Øst har laga filmar om korleis hjernen virkar under stress, og om korleis stress og traumer kan skade barn si utvikling, samt kva som kan vere god hjelp for traumatiserte barn.
Dag Nordanger, som og har vore involvert i prosessen og manus til filmane, meiner at dei vil få stor nytteverdi, både for dei som jobbar med utsette barn og for dei som skal drive kompetanseheving på feltet. Filmane er svært pedagogiske og gjer essensen i den traumeforståinga vi har i dag lett tilgjengeleg for alle gjennom gode visuelle virkemidlar, seier han.