Elisabeth Harnes

Telefon:

+ 47 90 69 75 25

E-mail

Elisabeth Harnes

Spesialkonsulent

Eg har master i religionsstudiar og bachelor i interkulturell forståelse og migrasjonspedagogikk. Har utgjeve boka Re-defining your Black Self- The Muslim Way. “Conversions from Christianity to Islam among African-Americans”, som er basert på masteroppgåva mi. Utdanna familieterapeut frå HIB og sertifisert ICDP rettleiar (minoritetsmodellen). Har studiar i sjelesorg, rettleiing og familieterapi frå Lausanne, Sveits og Indianapolis, USA – samt studiar i teologi og kulturforståing frå Mexico og Guinea Bissau.

Eg har arbeidd som sosialarbeidar og terapeut med straffedømde ungdomskriminelle og foreldre på prøveløslating i Indianapolis. Her jobba eg og med oppfølging av barn i fosterheim og som terapeut i familiegjenforeningsaker. Har jobba med prosjektutvikling og rettleiing innanfor sosialt og psykososialt arbeid med foreldrelause barn i Kenya, og hatt fleire feltarbeidsopphold i ulike afrikanske land. På norsk jord har eg jobba som lærar for nyankomne innvandrarar ved Nygård skule i Bergen og hatt ulike undervisningsstillingar ved NLA høgskolen.

Sidan 2011 har eg jobba i IMDi som minoritetsrådgjevar for å førebygge tvangsekteskap, kjønnslemlesting og æresrelatert vald – spesifikt med etnisk minoritetsungdom, kvinner og foreldre som er råka av problematikken eller andre integrerings- og migrasjonsrelaterte utfordringar. Samstundes jobba eg med undervisning og rettleiing av tverretatlege instansar.

Eg er oppteken av at nyankomne etniske minoritetsungdom får adekvat hjelp til å forhandle, bevisstgjerast og verta trygge kring si identitetsdanning og migrasjonshistorikk. Særleg fokus på kultur-, traume- og religionssensitivitet i terapirommet. Empowerment av valdsutsette kvinner og ungdom i patriarkalske og kollektivistiske familiesystem/minoritetsmiljø er eit viktig fokus – samt interkulturell forståing, verdikonflikter, familiegjenforening, etnisk diskriminering, transnasjonale familieliv, æresbegrepet, tvangsekteskap og alvorleg begrensing av unge sin fridom.

Brenn for: Likeverdige helse- og sosialtenester til personar med minoritets-, flukt- og asylbakgrunn. Dette inneber styrka kompetanse og sensitivitet kring kulturforståing, traumer, migrasjonsstress – samt ein reell interesse for «Den Andre».

Del dette: