Demokratisk danning og inkludering i skolen

Kurset Demokratisk danning og inkludering i skulen skal bidra til å forebygge utanforskap og valdeleg ekstremisme.

Målgruppe: 

Lærarar på mellom- og ungdomstrinnet og vidaregåande skular.

Innhald:

Kurset er utvikla på grunnlag av at skuler arbeider forebyggande mot radikalisering og ekstremisme på tre nivå. Innhaldet skal gi auka kompetanse på alle nivå.

1. Danning

Skulen sitt samfunnsmandat: utvikling av sosial kompetanse, inkludering, empati, samfunnsengasjement, demokratiske ferdigheiter, kritisk tenkning og ansvarsbevissthet.

2. Igangsetting av tiltak

Når det i nærmiljøet eller på skulen skjer ei polarisering eller segregering, når bruk av gruppefiendtlege skjellsord eller haldningar veks fram, når vi ser at det vert utvikla risikogrupper.

3. Beredskap

Når man bekymrar seg for om elevar enten enkeltvis eller saman i grupper blir ein del av eit ekstremt eller antidemokratisk miljø, og ser det nødvendig å gripe inn i forhold til enkeltindivid. På dette nivå er det nødvendig å ha kontakt med andre etatar.