Aktuelt

Bergens Tidende har granska 200 dommar frå 2012 til 2018 kor 256 barn på Vestlandet var ofre.

Linda Kvalvik.

Dette har resultert i artikkelserien “De ødelagte” som ein kan følge på Bergens Tidende. Vi ved RVTS Vest er opptatt av at folk skal forstå kor alvorlege konsekvensar overgrep kan ha, og er difor glad for at regionsavisa vår set fokus på dette. Det er svært viktig å komme tidleg inn i saker kor ein mistenker overgrep. Det er difor naudsynt med auka kompetanse hos fagfolk som jobbar med barn og unge.

– Det er postivt og viktig at media setter fokus på seksuelle overgrep, seier Linda Kvalvik som er spesialkonsulent ved RVTS Vest, med forebygging av vald og seksuelle overgrep som spesialområde.

Illustrasjonsfoto.

– Seksuelle overgrep mot barn er fortsatt tabuisert og det er vanskeleg for oss vaksne å ta innover oss kva enkelte barn kan utsettast for. Ein reportasjeserie som rettar fokus mot barna sine opplevingar og kva konsekvensar overgrep har, både i barndom og i vaksenlivet, er derfor viktig og nødvendig. Vi er samstundes opptatt av å formidle håp. Håp om at det er mulig å stanse pågåande overgrep, at det finnast hjelp og at man kan få eit godt liv sjølv om man har opplevd vonde og vanskelege ting, avsluttar ho.

I vårt mandat ligg det at vi skal jobbe med å forebygge og avdekke overgrep, og vi har mykje undervisning, konsultasjon og rettleiing for ulike tenester i region vest. Dei siste åra er det og laga fleire filmar, e-læringsprogram og andre nettressursar som handlar om avdekking og forebygging av overgrep, samt kva ein skal gjere ved mistanke.

Ressursar i arbeid med å forebygge og avdekke overgrep: