Dag Ø. Nordanger

Dag Ø. Nordanger

dr. Psychol/psykologspesialist

Dag er doktor i psykologi og psykologspesialist. I tillegg til si stilling ved RVTS Vest, jobbar han som professor ved Høgskulen på Vestlandet. Dag var leiar ved RVTS Vest dei første åra senteret var i drift. Doktorgraden hans var basert på eit feltarbeid i Tigray i nordlege Etiopia, kor han studerte krisereaksjonar og meistringsstrategiar blant ofre for krigen i Etiopia. Dei seinare åra har han i hovudsak jobba med forskning og fagutvikling i forhold til forståelse og støtte til komplekst traumatiserte barn, og dei siste publikasjonane hans er innan dette feltet.

Dag Ø. Nordanger fekk, saman med Hanne C. Braarud, Bjørn Christiansens minnepris for eit særleg betydningsfullt fagleg bidrag og beste artikkel i Tidsskrift for Norsk Psykologforening i 2011.

Del dette: