Cathrine Eide

Cathrine Eide

Psykologspesialist

Er utdanna psykolog, spesialist i klinisk samfunnspsykologi.

Har erfaring som psykolog i kommunen, og frå barnevernsinstitusjon.

Er spesielt oppteken av barn og unge si psykiske helse, og at alle skal få hjelp der dei er. Denne hjelpa vil vere best dersom alle instansar rundt den enkelte personen samarbeider. Opplever at den største endringa skjer i dei 23 timane utanfor terapirommet, og meiner det er viktig å gje hjelp til å meistre sitt eige liv. Har jobba med undervisning i traume og traumatisering, og har særleg kunnskap om sjølvskading som smerteuttrykk.

Brenn for: Å spre kunnskap om psykisk helse.

Del dette: