kriseteamskulen
Kriseteamskulen er RVTS Vest sin kompetansebygging for kriseteama i vår region. Vi har oppstart av nye basisdagar i haust. “Basisdag 1: Drift av kriseteamet” vert arrangert 27. november som eit webinar. Vi tek sikte på å arrangere dei øvrige basisdagane med fysisk oppmøte dersom mogeleg. I så tilfelle vert desse arrangert i Stavanger, Haugesund, Bergen […]
Vi arrangerer påfyllsdag for Kriseteamskuledeltakarar i haust. Tema er «belastningar for kriseteammedlemmar». Som hjelparar er vi ikkje uberørte av dei menneska vi møter og historiane vi høyrer. Det er viktig å kjenne til korleis dette kan prege oss og kva vi kan gjere for å unngå å bli unødig nedslitt. Dagane vert arrangert 16. oktober […]
Kriseteamskulen er ei kompetanseheving for kommunale psykososiale kriseteam. Basisdagane er først og fremst for dei som ikkje har delteke på Kriseteamskulen tidlegare. Ei forutsetning for deltaking er at ein er medlem i eit kriseteam eller har ei anna tydeleg rolle i krisearbeid. Undervisningsprogrammet består av 4 basisdagar, og vert arrangert i Skei, Bergen, Sandnes og Haugesund. […]
Det vert stilt høge krav til den hjelpa og omsorgen som vert gjeve til ramma og berørte i den akutte situasjonen og psykososial ivaretaking i tida etterpå. Kirsti Silvola, RVTS Øst, Karen Ringereide, RVTS Sør, Knut Hermstad, RVTS Midt, Atle Dyregrov, Senter for Krisepsykologi og Venke A. Johansen, RVTS Vest har skrive om nokre aktuelle tema […]
Foto: IStock Kriseteamskulen 2016/2017 er godt i gang. Basisdag 2 i januar om psykologisk førstehjelp har alt mange påmeldte. Dagen er ein del av Kriseteamskulen og vert arrangert i Sandnes, Skei og Bergen. Vi spurte Reidar Thyholdt, ansvarleg for dagen om kva innhaldet er på denne andre basisdagen for kriseteamskulen: – Tema vil vere korleis […]
12. februar arrangerer vi temadag om kriseteamet sitt arbeid med flyktningar på Skei i Jølster. Reidar Thyholdt og Patrick O’Loughlin står for det faglege innhaldet. Mange menneske i landet vårt kjem frå område med krig og uro. Når dei som har med seg vonde opplevingar, opplever nye traumatiserande hendingar, krever det at kriseteamet er ekstra merksam. Temadagen vår vil omhandle […]