Bergensmodellen (BMO) for mentoropplæring

Bergensmodellen (BMO) for mentoropplæring

Bergensmodellen (BMO) for mentoropplæring er ei opplæring om forebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme, og har som mål å utruste deltakarane med ei haldnings- og handlingskompetanse som gjer dei i stand til å fange opp og jobbe med personar som:

  • står i fare for å gå inn i en ekstremiseringsprosess
  • har vore eller er ein del av ekstremistiske nettverk
  • har returnert frå irregulær krigføring i konfliktområde
  • er barn av fremmedkrigarar
  • samt desse gruppene sine pårørande og utvida familienettverk

Målgruppe for utdanninga

Personar som har ein jobb der dei kjem i kontakt med sårbare unge, vaksne og deira pårørande. Til dømes tilsette i utekontakten, barnevern, familievern, lærarar, flyktninge­teneste, skulerådgjevar, psykisk helse, SLT-koordinator, politi, tilsette i idrettslag, NAV m.m.

Utdanninga vektlegg at deltakarane er personleg eigna, har relevant fagbakrunn og jobbkontekst. Forutsetning for opptak er at tenester som søker har ein implementeringsplan for bruk av utlærte mentorar; for eksempel som medlem i kommunale ressursteam eller som ressurs­personar på sin arbeidsplass.

Utdanninga går over tre samlingar med totalt 9 dagar.

NB: Programmet er under revidering. Nytt blir tilgjengeleg i løpet av hausten  2019

Elisabeth Harnes

Spesialkonsulent
Telefon: + 47 90 69 75 25
Del dette: