Alderdom med trygghet

«AMT» – Alderdom Med Trygghet

A – ansvarlig oppfølging

M – medvirke til bedre livskvalitet

T – tidlige oppdage og intervenere

«AMT» er eit program designa for implementering av auka kompetanse om vald mot eldre og sjølvmord blant eldre. Det har ei tidsbruk på 7 heile dagar.

Målgruppe

Målgruppe er fagpersonar frå heimetenesta og sjukeheim, som i sin yrkesutøving står overfor utfordringar knytt til eldre menneske som er valdsutsett og/eller sjølvmordsutsett.

Mål

Formålet med opplæringa er å gi deltakarane auka haldnings- og handlingskompetanse innan førebygging og handtering av vald og sjøvmord blant eldre.

Eit sentralt mål er også at gruppe utviklar ferdigheiter i å undervise kollegaer om temaet.

Praktisk gjennomføring:

Vi ønskjer ei helheitlig tilnærming i arbeidet med eldre i kommunen og føresler difor ei tverrfagleg samansett gruppe som får opplæringa saman. Dette lar oss fokusere på pasientforløpet framfor dei enkelte tenesteområda. Det er eit mål at den tverrfaglege gruppa som får kursleiaropplæring også kan fungere som ei ressursgruppe i blant anna utarbeiding av gode rettleiarar og prosedyre-beskrivingar for dei ulike tenestene.

RVTS Vest gir 10 tilsette frå heimebaserte tenester og sjukeheim i kommunen kursleiaropplæring i Eldrevold og Sjølvmord. Omfang av opplæring er totalt 7 dagar i løpet av perioden: 2 + 2 + 2 dagar kursopplæring, samt 1 refleksjonsdag etter at alle kursleiarane har gjennomført eitt kurs for personalet i heimebaserte tenester.

Kvart kurs går over to dagar og treng to kursleiarar, og det kan delta frå 10 til 14 personar på kvart kurs. Dette utgjer 5 kurs for personalet i løpet av perioden og inntil 70 personar vil ha auka si kompetanse på vald og sjølvmord hos eldre.

Geir Olsen

Nestleiar
Telefon: + 47 95 27 67 29
Del dette: