Å høyre sterke historier med grufulle skildringar kan vere overveldande. Nokre gonger høyrer vi detaljar frå tortur eller overgrep. Dette kan skape kraftige kjenslemessige reaksjonar hos oss. Andre gonger blir vi utsette for svært ubehagelege situasjonar. Vi kan vere vitne til utagering, oppleve utskjelling eller vere vitne til sjølvskading eller sjølvmordsforsøk.
Behov for å dela
Ein vanleg reaksjon er å finne vår næraste kollega eller å «øse ut av oss» i lunsjen, utan å spare på detaljane. Ofte gjer vi dette utan å tenkje på om det passar, eller korleis det verkar på kollegaene våre. Dette kallast sliming. Sliming skildrar korleis vi overveldar kvarandre ved å dele for mange detaljar for fort, samstundes som mottakaren av historia er uforberedt.
Dette er naturleg, og handlar ikkje om at vi er uprofesjonelle eller burde tole det betre. Vi treng å kunne dele, og bør ha moglegheit til det, men det er ikkje naudsynt å dele dei verste detaljane. Det finst betre metodar.