Aktuelt

I samarbeid med Ressursenhet V27 startar vi ny runde med AIM-kurs. Aim “Basic Awarness” skal vere i Stavanger den 6. februar.

AIM2 (Assesment–Intervention–Moving on) er eit program for oppfølging av barn og unge med en skadelig seksuell atferd. Programmet er utvikla i England og er oversatt og bearbeidd til norsk av kompetansemiljøet V27, ved Betanien BUP i Fyllingsdalen.

AIM2 skal implementerast i Noreg, og det er V27 i samarbeid med dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging (RVTS) som skal drive undervisninga.

Programmet har fire kursmodular, som bygger på kvarandre. Introduksjonskurs (1 dag), utgreiingskurs (2 dagar), behandlingskurs (2 dagar), og instruktørutdanningskurs (2 dagar). AIM Basic Awareness er altså introduksjonskurset. Dato for dei øvrige kursmodulane vert publisert på nettsida vår når dei er klare.

Målgruppene er noko ulike for dei enkelte kursa. Dersom man ønsker å ta ugreiings- og behandlingskurset, må man først ha tatt introduksjonskurset. Instruktørkurs forutset deltaking på alle kursmodular og vil kun vere åpen på invitasjon

Målgruppe for AIM Basic awareness:

Alle interesserte fagpersonar (kommunalt barnevern, helsesøstre, fastlegar, kommunale psykologar, ansvarlege ved skule/barnehage, ansvarlege for PU-tiltak, lokale BUPar, BUFetat, Statens barnehus, Konfliktrådet, Friomsorgen osv.)

Innhald:

Grunnleggande fagkunnskap om skadeleg seksuell atferd blant barn/ungdom. Nivådifferensiering av kunnskap, verktøy og behandling/intervensjonar. Kort om ERASOR verktøyet og AIM2 (Trafikklys – verktøyet. Praksis/øvelse).

 Meld deg på
AIM Basic i Stavanger

Kontaktperson for kurset:

AIM Basic i Stavanger

Cathrine Eide

Psykologspesialist

Telefon:

+ 47 97 51 95 73